Agdenes kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kj. Lie
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Orkland | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Orkdal | ||
Sokn | Agdenes | ||
Fellesråd | Agdenes | ||
Type | Langkyrkje[1] | ||
Arkitekt | Chr. H. Grosch[1] | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 27. mars i 1858[2] | ||
• Endringar | Påbygd sakresti og bårerom i 1969[2] | ||
Tårn | Bygd i 1869, ved vestre enden av skipet.[2] | ||
Takryttar | Hadde takryttar midt over skipet til 1869[2] | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | Frå 1857[1] | ||
Døypefont | Frå 1951[1] | ||
Altartavle | Frå 1915, Av Wilhelm Bjørknes etter Hofmann[1] | ||
Sitjeplassar | 200[1] | ||
Agdenes kyrkje 63°34′58″N 9°30′56″E / 63.5828°N 9.5156°E | |||
Wikimedia Commons: Agdenes kirke |
Agdenes kyrkje står på Værnes i Orkland kommune i Trøndelag fylke, og er ei langkyrkje vigsla i 1858.[2]
Arkitekt for bygget, som er i tre, var Christian Heinrich Grosch.[1] Inventaret er frå byggeåra ellet seinare. Kyrkja hadde frå starten ein takryttar midt over skipet. I 1869 vart det bygd tårn ved vestre enden av skipet.[2] Hundre år seinare, i 1969, vart det bygd til sakristi og bårerom.[2]
Kyrkja er soknekyrkje i Agdenes kyrkjesokn i Orkdal prosti.
Altertavla har Kristus i Getsemane som motiv og er ein kopi etter Hoffman måla av Wilhelm Bjørknes i 1915.[1] Før det var det ein svart kross med gylde kantar som stod på alteret og tende som altertavle.[2]
Preikestolen er frå byggeåret og er i tre.[1]
Døypefonten er i tre og vart laga i 1951.[1]
Det er ei klokke i kyrkja. Ho er frå 1856.[1]