Afrodite

Opptrer iHades
Identifisert medVenus, Astarte
MorDione, Evonyme, Gaia
FarZevs, Uranos
EktefelleHefaistos
SambuarAnkhises, Butes, Faëthon, Adonis, Ares, Hermes, Dionysos, Poseidon, Phaethon, Zevs
BarnAnteros, Deimos i gresk mytologi, Eros, Phobos, Harmonia, Himeros, Hermafroditos, Hymenaios, Priapos, Rhodos, Eryx, Tyche, Peitho, Aeneas, Polycaon, Golgos, Adrestia, Khariter, Lyrus


Afrodite (gresk Ἀφροδίτη, 'kome fram av skum'), er gudinna for kjærleiken, det fruktbare, gleda og venleiken i den gamle greske mytologien. Diktaren Homer sa at ho er dotter av Zevs og gudina Dione, og forfattaren Hesiod at ho var fødd av havet, som hadde vorte svanger med henne av di Uranos' penis fall i havet etter at han vart kastrert av sin eigen son, Kronos.

Afrodite vart gift med meistersmeden og guden for smier, eld og vulkanar, Hefaistos, men hadde fleire utanomekteskaplege eventyr, og fekk sonen Eros med krigsguden Ares.

Aphrodite på svana si, slik ho er framstilt på ein kylix (gresk vase) frå om lag 460 før Kr., no i British Museum i London.

Kjelder

Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Afrodite
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.