944 Hidalgo
Oppdaging
Oppdaga avWalter Baade
Oppdagingsdato31. oktober 1920
Baneskildring
Epoke 14. juli 2004 (JD 2453200,5)
Aphel1427,003 mill. km (9,539 AE)
Perihel291,846 mill. km (1,951 AE)
Eksentrisitet0,659
Banehelling42,567°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar20 km
Masse8,4·1015 kg ?
2 g/cm³ ?
0,011 km/s ?
0,419 29 d[1]
Albedo0,1 ?

944 Hidalgo er ein uvanleg asteroide, og har den lengste baneperioden (13,77 år) av alle asteroidane i det klassiske asteroidebeltet.

Med ein høg eksentrisitet på 0,66, så tar perihelen hans (1,95 AE) han til det indre av asteroidebeltet, mens aphelen hans på 9,54 AE tar han heilt ut til banen til Saturn, ein bane vanlegvis forbeholdt kometane i saturnfamilien. Somme astronomar mistenker difor at han ein gong var ein komet. Strengt sett er Hidalgo heller ein saturnstreifar enn ein saturnkryssar da aphelen hans ikkje går utover den til Saturn. Den svære banehellinga til Hidalgo (43°) mistenker ein at er eit resultat av ein nærkontakt med Jupiter. Diameteren til asteroiden er berekna til å vera 20 km.

944 Hidalgo blei oppdaga av Walter Baade 31. oktober 1920 på Bergedorfobservatoriet nær Hamburg i Tyskland. Tyske astronomar observerte ein total solformørking i Mexico 10. september 1923 og hadde ein audiens med presidenten i Mexico, og for å ære dette namnsette dei asteroiden etter den meksikanske helten Miguel Hidalgo y Costilla.