Zonguldak | |||
by | |||
Zonguldak sentrum
| |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Svartehavsregionen | ||
Provins | Zonguldak | ||
Koordinatar | 41°27′N 31°47′E / 41.450°N 31.783°E | ||
Areal | 272 km² | ||
Folketal | 108 000 [1] | ||
- storby | 287 321 | ||
Grunnlagd | 1849 | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 67xxx | ||
Retningsnummer | (+90) 372 | ||
Bilnummer | 67 | ||
Zonguldak 41°27′00″N 31°47′00″E / 41.45°N 31.783333333333°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Zonguldak | |||
Nettstad: http://zonguldak.yerelnet.org.tr/ |
Zonguldak er ein by og administrasjonssenter i provinsen Zonguldak i Svartehavs-regionen i Tyrkia. Han blei grunnlagd i 1849 som hamneby for kolgruvene i nærleiken i Ereğli, og kolhandel har halde fram som ei viktig næring. Ved folketeljinga i 2009 hadde Zonguldak eit folketal på 108 792.
Zonguldak har eit maritimt klima (Köppen si klimaklassifisering: Cfb); med nedbør fordelt jamt utover året. Somrane er varme og fuktige, og normaltemperaturen er kring 21°C i juli og august. Vintrane er kjølige og fuktige, og normaltemperaturen er kring 6 °C in januar og februar.
Det er forholdsvis vanleg med snø mellom desember og mars, og snøen ligg gjerne ei veke eller to.
Vasstemperaturen er som langs heile den tyrkiske svartehavskysten låg og svingar mellom 8° og 20°C gjennom året.
Vêrdata for Zonguldak | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 9,1 | 9,1 | 10,9 | 15 | 18,7 | 23,1 | 25,1 | 25,2 | 22,3 | 18,5 | 14,7 | 11,2 | 16,9 |
Gjennomsnittleg min °C | 3,6 | 3,2 | 4,8 | 8,2 | 12 | 16 | 18,2 | 18,4 | 15,5 | 12,3 | 8,5 | 5,6 | 10,5 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 133,1 | 85,8 | 87,8 | 57,5 | 51,3 | 71,2 | 81,3 | 88,4 | 122,5 | 153,3 | 147,3 | 153,8 | 1 233,3 |
Gns. solskinstimar i månaden | 65,1 | 78,4 | 127,1 | 162 | 232,5 | 288 | 316,2 | 291,4 | 225 | 155 | 99 | 68,2 | 2 107,9 |
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [2] |