William III, ogso kalla William av Orange eller king Billy (1650-1702). William III var konge av England og Skottland (1689-1702) og konge av Irland (1691-1702).[1] William III son William II og Mary (1631-1660), eldste dotter av Charles I av Storbritannia.[2] William III vart fødd etter at faren døydde, og etter suksessar på slagmarka vart han den fremste av alle heltefigurar for Orangeordenen og for irske og skotske unionistar.
William III vart statthaldar av Nederlanda i 1672, og vart utnemnd til hærsjef, sjølv om han var urøynd som militær. Ved å opna dikane greidde han å halda den invaderande franske hæren attende og fekk forhandla fram ei gunstig fredsavtale i Nijmegen i 1678. Det gav han handlingsrom til å møta fransk ekspansjon andre stader.
Storbritannia, som hadde vore franskalliert, drog seg ut av konfliktane etter ein vellukka propagandaoffensiv som kopla saman den britisk-franske alliansen og den britiske redsla for katolisisme og vilkårleg styring. Då James vart britisk konge av Skotland og England i 1685 med motreformatoriske ambisjonar, gav det William III påskotet for å invadera svigerfaren sine kongedøme.