.
Volvo Construction Equipment er er eit dotterselskap til Aktiebolaget Volvo som produserer anleggsmaskinar i fleire land.
Føretaket har røter attende til Munktells Mekaniska Verkstads (stifta 1832) og Bolinder-Munktell (stifta 1932), som Volvo kjøpte i 1950 [1]. Føretaket vart kalla AB Bolinder-Munktell fram til 1973, då namnet vart endra til Volvo BM AB. I 1986 selde Volvo BM traktoravdelinga si til Valmet, for å konsentrera seg om produksjon av anleggsmaskinar [1]. Same året gjekk Volvo BM AB inn i eit samarbeide med Clark Equipment Company og namnet vart endra til VME Group. Dei to firmaa Michigan og Euclid var tidlegare overtekne av Clark, som hadde heldt fram med å nytta desse merkenamna. I 1995 tok Volvo over heile dette føretaket og endra namnet til Volvo Construction Equipment.
Føretaket har sidan ekspandert kraftig ved å kjøpa opp fleire konkurrentar: