Voksetarfamilien
Bleiksnyltefugl (Prodotiscus regulus) (Foto: Alan Manson)
Bleiksnyltefugl (Prodotiscus regulus)
(Foto: Alan Manson)
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Spettefuglar Piciformes
Familie: Voksetarfamilien Indicatoridae
Swainson, 1837

Voksetarar, Indicatoridae, er ein familie av spettefuglar som lever i den tropiske del av «den gamle verda». Dei fleste artane finst i Afrika, to artar lever i Asia.

Skildring

Mest alle artane har fjørdrakt i avdempa farger, med somme unnatak for artar med lys gul fjørdrakt. Alle har lyse ytre halefjør, og hos dei afrikanske artane er desse fjøra kvite.

Dei fleste artane i familien er blant dei få fuglane som regelmessig et bivoks. Artar i slekta Prodotiscus beitar truleg vokssekret frå skjoldlus, også i mindre grad somme artar i Melignomon og dei minste artane i Indicator. Anna diett er larver i bikoloniar, insekt, edderkoppar og i nokre tilfelle frukt. Mange artar beitar i flokkar med blanding av individ frå ulike voksetarartar.

Det engelskspråklege namnet på familien, ’honeyguide’, kjem av at ein eller to artar i familien kan vise veg til bikoloniar. Somme meiner det kan oppstå samarbeid mellom store pattedyr og voksetarar ved at dyra opnar strukturar og et honning slik at voksetarane får tilkomst på restar av voks og larver. Dette er dokumentert for arten honninglos.

Ein kjenner hekkevanane til åtte artar i slektene Indicator og Prodotiscus. Alle desse er hekkeparasittar som legg eitt egg i reir hos ein annan art, og held fram i ein serie på fem egg i løpet av fem til sju dagar. Dei fleste vertane er hòlrugarar, ofte skjeggfuglar eller spettar, men Prodotiscus parasitterer artar med vanlege reir som for eksempel brillefuglar og songarar. Ungar av voksetarar er kjent for å vere i stand til å drive ut eller drepe verten sine ungar eller punktere egga hos verten. Nebbet til voksetarungane har ein krok som passar til denne åtferda.

Artslista

Skjelstrupevoksetar, Indicator variegatus
Foto: Steve Garvie

Voksetarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Slekt Prodotiscus

Slekt Melignomon

Slekt Indicator

Slekt Melichneutes

Kjelder

  • Short, Lester L., (1991) Forshaw, Joseph. ed.. Encyclopaedia of Animals: Birds, London: Merehurst Press. pp. 155. ISBN 1-85391-186-0.
  • Friedmann, Herbert, (1955) The Honeyguides, U.S. National Museum (Bulletin 208).
  • Short, Lester og Jennifer Horne, (2002). Toucans, Barbets and Honeyguides, Oxford University Press. ISBN 0-19-854666-1.

Referansar

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)