Norsk villsauGrytøya i Troms.
Muflon i ein dyrepark.

Villsau kan visa til tamsau som lever halvvilt eller forvilla eller til ville artar frå dyreslekta Ovis eller andre nærskylde dyr.

Viltlevande tamsauer

Muflon (Ovis musimon) er ein sauetype som lever vilt på fleire øyar i Middelhavet. Ein reknar med at han er blitt innført i oldtida som tamsau. Soaysau er ein sauetype som har levd vilt på Soay i St Kilda i Skottland i fleire hundre år.

New Zealand finst det sauer som har levd vilt sidan 1800-talet. Desse er forvilla frå sauer innførte frå Europa, men er i dag gjerne rekna som ein del av dyrelivet i landet. På Hawaii blei muflonar innførte på 1900-talet. I dag lever ville muflonar og hybridavkom etter muflon og forvilla tamsau som trugsmål mot lokale økosystem.

I Noreg finst tamsauer som lever ute heile året og stort sett klarer seg sjølv. Desse er ofte omtalt som villsau, men blir også kalla gammalnorsk sau, steinaldersau, vikingsau, ursau eller utegangarsau. Kjøt frå sauer av denne typen som oppfyller visse krav kan seljast som «Villsau frå Norskekysten».

Ville saueartar

Blåsau
Tjukkhornsau i Oregon.

Ville sauer som aldri har vore tamdyr finst i Afrika, Asia og Amerika. Fleire av desse er rekna som sårbare av IUCN.

Kjelder