Handvovne stoff i Bhutan.

Vevnad er eit vove tøystykke. Ulike typar vevnad kan mellom anna brukast til klede, innreiing og større innretningar, som seglduk og telt.

Skjematisk framstilling av korleis dei vinkelrette trådsystema kan kryssa kvarandre i ulike typar vevnad, til dømes lerretsbinding (a), panamabinding (b) og kyperbinding (e).
Vevnad på ein rekonstruert vevstol frå Urnemarkskulturen som fanst i Europa i bronsealderen. den tjukke tråden gjer at ein lett ser den loddrette renninga eller varpet og det vassrette islettet eller veften.

Ulike typar vevnad skil seg gjennom materialet ein bruker, til dømes ull, lin eller kunststoff, tjukkleik og farge på tråden, og vevemåten. Mønsteret for kryssingspunkta mellom varp og veft blir kalla bindinga til vevnaden. Den bindingstekniske eller mønstertekniske eininga i vevnaden som blir gjenteken under veving, blir kalla ein rapport. Ein skil mellom tre grunnbindingar:

Sjå òg

Kjelder