Varslar (engelsk whistleblower, 'fløyteblåsar'), er ein person som avdekkjer og varslar om kritikkverdige eller ulovlege tilhøve[1] i selskap, organisasjonar eller offentlege institusjonar der vedkomande har vore eller er tilsett eller involvert på anna vis. I mange tilfelle har dei ansvarlege i føretaket eller organisasjonen freista å dyssa ned eller gløyme opplysningane om slike tilhøve eller freista å straffa varsleren, til dømes ved oppseiing. Fenomenet har fått stor merksemd i media dei siste (2015) åra, og varsling har ført til fleire kjende skandalar i offentleg forvalting og i næringslivet. Det finst enno ingen eintydig definisjon på kva som er varsling, i høve til det ein kan kalla ordinær problemrapportering.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «varslar» i Nynorskordboka.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.