Det urgermanske språket delte seg i tre språkgreiner, dei austgermanske, dei nordgermanske og dei vestgermanske språka. Dei austgermanske språka er utdøydd, det mest kjende av dei er gotisk.
Den nordgermanske greina, urnordisk, delte seg i vestnordisk (gammalnorsk og islandsk) og austnordisk (svensk og dansk). I seinmellomalderen førte lågtysk språkpåverknad i til at norsk utvikla seg parallelt med dansk og svensk. Den vestgermanske greina har ein austleg (tysk, nederlandsk) og ein vestleg (engelsk, frisisk) del.
Den klassiske innføringa i germansk språkvitskap er Krahe og Meid 1969, ei nyare framstillinger Voyles 1992.
Lydendringar i overgangen frå førgermansk til urgermansk
Dette oversynet systematiserer lydendringar presentert i faglitteraturen.
Grimms lov: Ein kjedereaksjon på tre sett av klusilar.
Ustemte klusilar blir frikativar viss dei ikkje kjem etter ein annan obstruent.
Dette gjeld også ein del ord som som regel var trykklett — *h₁ésmi, trykklett *h₁esmi "eg er" > *esmi > *ezmi > *immi; *h₁sénti, trykksvak *h₁senti "dei er" > *senþi > *sendi > *sindi (dei trykksterke variantane, som ville ha vore *ismi og *sinþi, er tapt)
Trykk blir flytta til første staving. Det kontrastive trykket i urindoeuropeisk forsvinn, og Verners lov blir fonematisert.
/ln/ > /ll/ — *pl̥h₁nós "full" > *fulnos > *fullos > *fullaz. Denne utviklinga er seinare enn kontakt med samiske språk, jf. lånordet *pulna > ursamisk *polnē "ås".[1]