«Undo» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 2014 | |||||
Land | Sverige | ||||
Artist(ar) | Sanna Viktoria Nielsen | ||||
Alias | Sanna Nielsen | ||||
Språk | Engelsk | ||||
Komponist(ar) | Fredrik Kempe, David Kreuger og Hamed «K-One» Pirouzpanah | ||||
Låtskrivar(ar) | Fredrik Kempe, David Kreuger og Hamed «K-One» Pirouzpanah | ||||
Resultat | |||||
Semifinalepoeng | 131 | ||||
Semifinaleplass | 2 | ||||
Finalepoeng | 218 | ||||
Finaleplass | 3 | ||||
Sverige i Eurovision Song Contest | |||||
|
«Undo» (norsk omsetjing Gjere om) er ein svensk popballade frå 2014, komponert av Fredrik Kempe, David Kreuger og Hamed «K-One» Pirouzpanah. Songen blei framført av Sanna Nielsen og vann svenske Melodifestivalen i 2014 og var det svenske bidraget i Eurovision Song Contest same år i København. Der enda han på tredjeplass i finalen.
«Undo» var eit av bidraga i Melodifestivalen 2014 og var komponert av låtskrivarveteranane Fredrik Kempe, David Kreuger og Hamed «K-One» Pirouzpanah. Kempe hadde tidlegare vunne Melodifestivalen tre gongar: «Hero» (2008), «La voix» (2009) og «Popular» (2011). Til å framføre låten hadde låtskrivarane henta Sanna Nielsen som sjølv hadde delteke i Melodifestivalen seks gongar tidlegare. Dette blei fyrste gongen ho vann Melodifestivalen.
«Undo» deltok i den andre delfinalen i Linköping 8. februar 2014, der han vann og kvalifiserte seg til finalen i Friends Arena i Stockholm laurdag 8. mars. Etter juryavrøystinga låg songen på andreplass, men vann telefonavrøystinga og vann samanlagt – berre to poeng framfor Ace Wilder og «Busy Doin' Nothin'». Dette var den knappaste sigeren i Melodifestivalen på mange år.[1] Med sigeren blei «Undo» det svenske bidraget til Eurovision Song Contest 2014 i København.
I Eurovision Song Contest 2014 i København deltok Sverige i den fyrste semifinalen tysdag 6. mai 2014. Der enda songen på andreplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 10. mai 2014. I finalen var «Undo» det 13. bidraget ut på scena av 26 bidrag. I avrøystinga fekk «Undo» 218 poeng og enda på tredjeplass. Sverige fekk tre 12-poengarar, frå Danmark, Romania og Ukraina.[2]
«Undo» nådde ein på andreplass på den svenske singellista og toppa Svensktoppen. Songen gjekk også inn på fleire europeiske hitlister og den australske hitlista etter Eurovision Song Contest.[3]
Liste (2014) | Høgaste plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[4] | 12 |
Australia (ARIA Charts)[5] | 81 |
Belgia, Flandern (Ultratop)[6] | 25 |
Belgia, Vallonia (Ultratop)[7] | 48 |
Danmark (Tracklisten)[8] | 5 |
Finland (Digital nedlastning – Latauslista)[9] | 7 |
Frankrike (SNEP)[10] | 131 |
Island (RÚV)[11] | 11 |
Irland (IRMA)[12] | 21 |
Nederland (Single Top 100)[13] | 21 |
Skottland (Official Charts)[14] | 39 |
Storbritannia (UK Singles Chart)[15] | 40 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[16] | 11 |
Sverige (Sverigetopplistan)[17] | 2 |
Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[18] | 32 |
Songar i Melodifestivalen 2014 | |
---|---|
Semifinale 1 | |
Semifinale 2 | |
Semifinale 3 | |
Semifinale 4 |
Semifinale 1 | One Night's Anger (ALB) · Not Alone (ARM) · Start a Fire (AZE) · Amazing (EST) · No Prejudice (ISL) · Cake to Bake (LVA) · Shine (RUS) · Undo (SWE) · Mother (BEL) · Running (HUN) · Wild Soul (MDA) · Moj svijet (MNE) · Calm After the Storm (NLD) · Quero ser tua (PRT) · Maybe (SMR) · Tick-Tock (UKR) |
---|---|
Semifinale 2 | Rise Like a Phoenix (AUT) · Three Minutes to Earth (GEO) · Same Heart (ISR) · Attention (LTU) · Coming Home (MLT) · Silent Storm (NOR) · My Słowianie (POL) · Cheesecake (BLR) · Something Better (FIN) · Rise Up (GRE) · Heartbeat (IRL) · To the Sky (FYROM) · Miracle (ROU) · Round and Round (SVN) · Hunter of Stars (CHE) |
Finalen | Cliche Love Song (DNK) · Moustache (FRA) · It Is Right (DEU) · La mia città (ITA) · Dancing in the Rain (ESP) · Children of the Universe (GBR) |