Turid Farbregd (fødd 8. mars 1941) er ein norsk filolog, leksikograf og omsetjar frå Gjesdal på Jæren.[1] Ho var 1995–2008 norsk statsstipendiat med estisk språk og kultur som arbeidsfelt.
Etter utdanning i nordisk og finsk ved Universitetet i Oslo (ho tok eksamen 1969) arbeidde Farbregd som norsklektor ved Universitetet i Helsingfors frå 1970 fram til ho vart statsstipendiat. På 1970-talet omsette ho også bøker frå finsk til norsk. Frå og med 1980-talet har ho arbeidd spesielt med estisk og med estarane sin situasjon. Særleg i tida før det estiske sjølvstendet utgjorde Farbregd aleine ein kulturinstitusjon, gjennom at ho gjorde situasjonen i Estland kjend i Norden og omsette skjønnlitteratur frå estisk til norsk.
Som leksikograf har Farbregd grunnlagt leksikografien mellom norsk og finsk og mellom norsk og estisk. Ho står som forfattar eller medforfattar av samtlege ordbøker mellom desse språkpara.
- Farbregd, Turid 1969: Stadnamn frå Drivdalen. IX, 217 bl. : ill. Hovedoppgåve i nordisk - Universitetet i Oslo, 1969.
- Farbregd, Turid og Aili Kämäräinen. Finsk-norsk norsk-finsk lommeordbok. Oslo : Kunnskapsforlaget, 1978. 636 s.
- 82-573-0116-7
- Farbregd, Turid og Hannele Seppinen 1993: Finsk-norsk ordbok. Oslo : Universitetsforlaget, c1993. XXII, 271 s.
- Farbregd, Turid ja Gennadi Jagomägi 1997: Eesti-norra sõnastik = Estisk-norsk ordliste. Tartu : Ilmamaa, 1997. 150 s.
- Farbregd, Turid, Sigrid Kangur, og Ülle Viks 1998: Norsk-estisk, estisk-norsk ordbok = Norra-eesti, eesti-norra sõnaraamat. Tallinn : Stiftelsen estisk språk, 1998. 756 s.
- Riddar av Finlands kvite roses orden 1990.[2]
- 3. klasse av den estiske Terra Mariana-krossens orden 1999.
- Bastianprisen i 1989 frå Norsk Oversetterforening for Jaan Kaplinskis dikt Same hav i oss alle 1988.
- Kritikarprisen for beste omsetjing 2013, for omsetjing av Katja Kettu: Jordmora
- Karel Čapek-medaljen 2002[3]
- Finske stats pris til utanlandske omsetjarar 2016[4]
- Det skjønnlitterære oversetterfonds pris 2017[5]
- Letterstedtska föreningens nordiske omsetjarpris for 2018[6]
- Riddar av første klasse av Den kongelege norske fortenesteordenen 2022[7]
- ↑ Txt.no, 01.10.10: Dagens omsetjar: Turid Farbregd
- ↑ http://www.epressi.com/media/userfiles/15110/1477470467/farbregd-turid-cv.pdf
- ↑ https://fit-ift.org/karel-capek/
- ↑ Rogne, Vebjørn; Rogne, Vebjørn (30. oktober 2016), «Finsk sta(t)spris til Turid Farbregd», BOK365.no (på norsk bokmål), henta 12. desember 2022
- ↑ «Det skjønnlitterære oversetterfonds pris til Turid Farbregd», Oversetterforeningen (på norsk bokmål), henta 12. desember 2022
- ↑ «Nordisk oversetterpris til Turid Farbregd». Oversetterforeningen (på norsk bokmål). Henta 8. juni 2018.
- ↑ «Oversetter og estlandsvenn Turid Farbregd utnevnt til ridder av første klasse av Den kongelige norske fortjenstorden», Norgesportalen (på norsk), henta 12. desember 2022