Tov Flatin | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. oktober 1878 |
Død |
4. september 1945 (66 år) |
Yrke | politikar |
Politisk parti | Venstre |
Tov Aslaksson Flatin (10. oktober 1878–4. september 1945) var ein lærar, gardbrukar, lokalhistorikar, folkeminnesamlar, statsstipendiat og kommunemann. Kjetil Aslaksson Flatin var bror hans.
Flatin var fødd i Seljord. Han gjekk Telemark lærarskule 1895-96 og på lærarseminar i Seljord 1898. Sidan var han lærar i Morgedal 1898-1900 og frå 1900 til 1943 i Flesberg. I Flesberg var han også gardbrukar. Elles var han formann i venstrelaget og ordførar i heradet.
Tidleg tok Flatin til med å samle inn og gje ut folkeminne, og var frå 1918 statsstipendiat. Tida 1913-28 gav han ut seks band om Gamalt fraa Numedal, medan firebandsverket om Flesberg-soga kom over ein periode på 30 år frå 1917. Også tre band bygdesoge for Seljord stod Flatin bak. Eit særkjenne ved forfattarskapen er det store innslaget av folkeminnestoff i bygdebøkene.
Han var med å stifte Numedal sogelag i 1912, også medstiftar og leiar av Landslaget for folkeminnesamlarar og styremedlem for Lågdalsmuseet. Perioden 1915-18 gav han ut tidsskriftet Numedal, og åra 1919-27 tidsskriftet Dølaminne.