Tornsmettar, vitskapleg namn Acanthizidae, er ein biologisk familie av sporvefuglar i Australasia som inkluderer mellom anna gerygonar, musesmettar og krattsmettar. Tornsmettfamilien samlar små til middels store sporvefuglar med ei total lengd varierande mellom 8 og 19 cm. Dei har korte avrunda venger, tynnt nebb, lange bein og ein kort stjert. Dei fleste artane har olivenfarga, grå, eller brun fjørdrakt, sjølv om nokre har flekker av lysare gult. Den minste arten, og faktisk den minste av alle australske sporvefuglar, er stumpnebb. Den største arten i familien er losfugl .
Dei fleste artane er bakkelevande, beitar hovudsakleg på insekt, men òg litt frø. Særleg artar av kvitmasker, slekta Aphelocephala, konsumerer store mengder frø, og andre artar vil ta frukter. Somme artar føretrekk sekreta av plantesaftsugande insekt, dessutan insekta sjølve. Nokre artar er mindre knytt til liv på bakken, slik som stumpnebb, som beitar i tretoppane, og hòlefugl. Uvanleg for så små fuglar legg dei berre eit eller to egg i kvart kull, moglegvis fordi dei har relativt lang levetid, der mange artar som lever til over ti år i naturen.[1]
Verdas naturvernunion, IUCN, vurderer dei fleste taksa i familien som lite sårbare. Unntaka, norfolkgerygone, Gerygone modesta[2] og beltekvitmaske, Aphelocephala pectoralis reknast som nær trua.[3] Ein art, lordhowegerygone, Gerygone insularis, vart utrydda av rottepredasjon på byrjinga av 1930-talet.
Artslista
Tornsmettar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5]
Mason, Ian J. & Schodde, Richard. 1999. The Directory of Australian Birds: Passerines. ISBN 978-0-643-06456-0
Sibley, C.G., and J.E. Ahlquist. 1990. Phylogeny and Classification of Birds: A Study in Molecular Evolution. Yale Univ. Press, New Haven, CT. ISBN 978-0-300-04085-2
Referansar
↑Garnett, Stephen (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 197. ISBN1-85391-186-0.
↑Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)