Tolmatsjova-systrene | |||
Tolmatsjova-systrene i 2006 | |||
Fødd | 14. januar 1997 (27 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kursk | ||
Opphav | Kursk i Russland | ||
Aktiv | 2006– | ||
Sjanger | pop | ||
Medlemmer | Anastasija Tolmatsjova Marija Tolmatsjova | ||
Verka som | songar, skodespelar |
Tolmatsjova-systrene er ein duo sett saman av tvillingsystrene Anastasija og Marija Tolmatsjova frå Kursk i Russland. Systrene vart fødd 14. januar 1997.
Under deltakingane i Eurovision har dei brukt det engelske namnet Tolmachevy Sisters.
Tolmatsjova-systrene vart vald til å representere Russland i Junior Eurovision Song Contest 2006 i Bucureşti i Romania. Dei deltok med songen «Vesennij dzjaz», som dei framførte på russisk. Bidraget vann med 154 poeng; tolv frå Kviterussland, Belgia, Kroatia, Romania, Serbia, Sverige og Ukraina, ti frå Kypros, Hellas, Portugal, Spania og Nederland og fire frå Makedonia og Malta. I tillegg fekk kvart land tolv bonuspoeng slik at ingen skulle stå att med null poeng.
I 2009 var systrene var ein del av opningsnummeret i den fyrste semifinalen då Eurovision Song Contest vart arrangert i Moskva i heimlandet Russland.
Tolmatsjova-systrene vart valde internt til å representere Russland i Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Dei vil delta med songen «Shine», som vil verte framført på engelsk. Songen er skriven av Philipp Kirkorov, Dimítris Kontópoulos, John Ballard, Ralph Charlie og Gerard James Borg.