Tistedal kyrkje | |||
kyrkje | |||
Tistedal kyrkje
Foto: Erlend Bjørtvedt | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Borg | ||
Prosti | Søndre Borgesyssel | ||
Sokn | Tistedal | ||
Fellesråd | Halden | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Gustav Blom Kielland | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Teglstein | ||
Innvigd | 3. desember 1865 | ||
• Endringar | 1923–25 m.a. sakristi i sør; vøling i 1953, 1976, 2002–03 (korparti endra) og 2010 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Altartavle | Laura Schultz, 1925 | ||
Sitjeplassar | 250 | ||
Tistedal kyrkje 59°07′47″N 11°26′44″E / 59.12985°N 11.44564°E | |||
Wikimedia Commons: Tistedal kirke |
Tistedal kyrkje (tidlegare Tistedal kapell[1]) er ei langkyrkje frå 1865 i Halden kommune i Østfold fylke. Byggverket er i teglstein og har 250 plassar.
Kyrkja vart teikna av stadsingeniør Gustav Blom Kielland, og ansvarleg for murararbeidet var Gunder Johnsen.
Kyrkja har glasmåleri i vindauga både i skipet og i koret. Biletet i altartavla vart måla av Laura Schultz i 1925 og syner Jesusbarnet i krubba med Maria og dyra rundt.
På kyrkjegarden står eit gravkapell frå 1928 (arkitekt: Martin Enger).