Tibetansk བོད་སྐད་ bod skad | ||
Klassifisering | Sinotibetansk Tibetoburmansk Himalayisk Tibetokanaurisk Tibetansk | |
Talarar | tibetanarar | |
Bruk | ||
Tala i | Kina, India, Nepal | |
Tibetansktalande i alt | 6 150 000 | |
Skriftsystem | Tibetansk skrift | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Den autonome regionen Tibet (Folkerepublikken Kina) | |
Normert av | Komiteen for standardisering av tibetansk (བོད་ཡིག་བརྡ་ཚད་ལྡན་དུ་སྒྱུར་བའི་ལ ས་དོན་ཨུ་ཡོན་ལྷན་ཁང་གིས་བསྒྲིགས / 藏语术语标准化工作委员会) | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | bo | |
ISO 639-3 | bod | |
Wikipedia på tibetansk |
Tibetansk er eit språk som hovudsakleg blir snakka av det tibetanske folket som lever spreidd over eit stort område av austre Sentral-Asia og Sør-Asia, i tillegg til mange utvandra tibetanarar over heile verda. Fleire ulike variantar av tibetansk blir også snakka av folkeslag i nordlege Pakistan og i India i område som Baltistan og Ladakh, som begge ligg i eller rundt Kashmir. Språket finn vi i klassisk skrive form for det meste i lokal litteratur; særleg buddhist-litteratur.
Sjølv om klassisk tibetansk opphavleg ikkje er eit tonespråk, har nokre dialektar utvikla tonar. Dette gjeld sørleg Sentral- og Kham-dialektar, mens Amdo-dialekten og visse andre, vestlege dialektar er utan tonar. Tibetansk morfologi kan generelt beskrivast som agglutinerande.
Tibetansk blir skrive med eit eige skriftsystem, tibetansk skrift. Tibetansk skrift er eit stavingsalfabet. det er beslekta med devanagari, og har ingen ting å gjere med kinesisk skrift. Kolonnen Wylie i tabellen nedanfor refererer til ein vanleg transkripsjonsstandard.
Tibetansk | Wylie | IPA | Tibetansk | Wylie | IPA | Tibetansk | Wylie | IPA | Tibetansk | Wylie | IPA |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
ཀ | ka | k | ཅ | ca | tɕ | ཏ | ta | d | པ | pa | p |
ཁ | kha | kʰ | ཆ | cha | tɕʰ | ཐ | tha | tʰ | ཕ | pha | pʰ |
ག | ga | g | ཇ | ja | dʑ | ད | da | t | བ | ba | b |
ང | nga | ŋ | ཉ | nya | ɲ | ན | na | n | མ | ma | m |
Tibetansk | Wylie | IPA | Tibetansk | Wylie | IPA | Tibetansk | Wylie | IPA | Tibetansk | Wylie | IPA |
ཙ | tsa | ts | ཞ | zha | ʑ | ར | ra | r | ཧ | ha | h |
ཚ | tsha | tsʰ | ཟ | za | z | ལ | la | l | ཨ | a | — |
ཛ | dza | dz | འ | ’a | ɦ | ཤ | sha | ɕ | |||
ཝ | wa | w | ཡ | ya | j | ས | sa | s |
Tibetansk er eit ergativt språk.
Tibetansk har fem vokalar, a, i, e, u, o.
Klassisk tibetansk har ni kasus: