The Albion Band

1983-utgåva av The Albion Band på ein utandørskonsert ved Holland House i London, sommaren 1983
AliasThe Albion Dance Band og The Albion Country Band
OpphavEngland
Aktiv1971–1973, 1976–2002, 2005–2008, 2011–2014
SjangerFolkrock, folk
Tilknytte artistarFairport Convention
Steeleye Span
Home Service
Etchingham Steam Band
Tidlegare medlemmerSjå: Bandmedlemmar

The Albion Band, òg kjend som The Albion Country Band, The Albion Dance Band og The Albion Christmas Band, var eit britisk folkrockband, opphavleg sett saman og leia av musikaren Ashley Hutchings. Det vert generelt rekna som ei av dei viktigaste gruppene i sjangeren og medlemmane har anten vore eller hatt tilknyting til ein god del av dei engelske folkrockutøvarane gjennom den langvarige historia.

Den einaste som har vore i bandet heile vegen er bandleiaren Ashley Hutchings, som òg var med å skipe to andre særs viktige engelske folkrockgrupper, Fairport Convention og Steeleye Span, og har vore heim for dei fleste prosjekta hans i den lange og produktive karrieren hans. I 2011 let han sonen Blair Dunlop ta over leiinga i gruppa.

Historie

[endre | endre wikiteksten]

Opphav

[endre | endre wikiteksten]

Hutchings skipa bandet i april 1971 for å akkompagnere den dåverande kona Shirley Collins på albumet No Roses. Dave Mattacks, Richard Thompson og Simon Nicol frå Fairport Convention, ved sidan av musikarar som Lal og Mike Waterson frå The Watersons og Maddy Prior, var av dei 25 oppførte musikarane.[1] På ein kort turné bestod kjernen i bandet mellom andre av Richard Thompson og den dåverande kona hans, Linda Thompson. Fleire medlemmer spelte med Hutchings til prosjektet Morris On (1972), inkludert John Kirkpatrick, Richard Thompson og Dave Mattacks, og alle namna deira vart skrivne på framsida av plateomslaget.

Første album (1973)

[endre | endre wikiteksten]

Hutchings ønskte å gjere bandet permanent og det første forsøket inkluderte Royston Wood, Steve Ashley og Sue Draheim i besetninga, men mislukkast, og han rekrutterte eit anna band, med Martin Carthy, John Kirkpatrick, Sue Harris, Roger Swallow og Simon Nicol. Bandet vart oppløyst alt i august 1973, men dei gav sidan ut eit album, Battle of the FieldIsland Records i 1976.[2] Anna materiale spelt inn av denne besetninga kom sidan ut på BBC Sessions (1998).

The Albion Dance Band

[endre | endre wikiteksten]

Frå 1974 til 1975 gav Hutchings opp Albion-namnet og fokuserte på å skipe Etchingham Steam Band med kona Shirley Collins. I 1976 sette han derimot i saman eit nytt Albion Band, denne gongen med mål om å spele inn tradisjonell dansemusikk. Besetninga var stor og ustabil og omfatta mellom andre Simon Nicol, Graeme Taylor frå Gryphon, Phil Pickett og John Sothcott, felespelaren Ric Sanders, og vokalisten John Tams. Resultatet var eit livleg album basert på tradisjonell musikk, The Prospect Before Us, under namnet The Albion Dance Band. I 1978 forkorta dei namnet til The Albion Band og under rettleiinga til Tams gav dei ut det som vert rekna som det beste albumet deira, Rise Up Like the Sun (1978).[3]

Show

[endre | endre wikiteksten]

Bandet tok del i eit TV-show i 1977, Here We Come A-Wasseling og i 1978-1979 samarbeiddedei med skodespelforfattaren Keith Dewhurst om ei teaterutgåve av Flora Thompson sitt Lark Rise to Candleford. Songar frå prosjektet vart gjeven ut på eit album i 1980.[4] Bandet var på denne tida på sitt mest populære og fekk sin eigen BBC-dokumentar i serien Arena.[5] Medan Hutchings var meir interessert i å fortsette med teaterarbeidet, ønskte andre i bandet å turnere og gå i studio, så denne besetninga vart oppløyst. Tams, Taylor og Gregory danna så kjernen i Home Service.[6] Konsertoptak frå denne tida er gjevne ut på Songs from the Shows (1997 og 1999) ogo The Guvnor, Vols 1-4 (1996–2004).

Nye utgåver (1980-90)

[endre | endre wikiteksten]

Hutchings starta opp att bandet kring kjernen av dei tidlegare Fairport Convention-medlemmane Nicol og Mattacks. Han la til tre medlemmar frå Cock and Bull (Dave Whetstone, Jean-Pierre Rasle og John Maxwell) og dei tok med seg vokalisten Cathy Lesurf frå Oyster Band.[7] Eit album frå denne relativt stabile perioden var Light Shining (1983), der dei fleste songane var originale. Men ryktet til albumet har sidan blitt skjemd av skuldingar om at Hutchings plagierte ein av dei mest kjende songane, «Wolfe» frå «Northwest Passage» av den kanadiske visesongaren Stan Rogers.[8] Shuffle Off (1983) følgde, før Nicol og Mattacks slutta for å starte opp att Fairport Convention. Phil Beer på gitar, fele og vokal, og Trevor Foster på trommer kom så med i bandet, og Under the Rose (1984), A Christmas Present from The Albion Band (1985) og The Wild Side of Town (1987) følgde. Sistnemnde var basert på ein fem episodar lang BBC-serie presentert av Chris Baines. Martin Bell kom med på fiolin før utgjevinga av Stella Maris i (1987). Martin Bell og Cathy Lesurf slutta så og gruppa fekk inn Simon Care og John Shepherd. Dette var den mest stabile besetninga i bandhistoria når det kom til album, sidan dei spelte inn tre: I Got New Shoes (1988), Give Me a Saddle and I'll Trade you a Car (1989) og 1990 (1990).

Akustisk tid (1990-7)

[endre | endre wikiteksten]

I 1990 fekk dei med seg visesongaren Julie Matthews, men dei spelte ikkje inn nokre album før ho slutta i 1993. Somme innspelingar frå denne besetninga kom ut som Captured i 1995. Trevor Foster og Phil Beer slutta og vart mellombels erstatta av den virtuose, akustiske gitaristen Keith Hinchliffe som tok fokusert bort frå elektriske instrument. I 1993 valde Hutchings å følgje denne trenden med å gjere bandet om til elit lite fire mann stort ensemble som bestod av han sjølv, erstattaren til Julie Matthews Chris While, den originale medlemmen Simon Nicol, og Ashley Reed på fiolin. Dette gjorde at dei kunne spele i små viseklubbar, pubar og college og gav bandet ei heilt ny retning. Det første albumet frå denne perioden, Acousticity (1993) hadde ei meir livleg og moderne kjensle. I 1995 slutta Reed og Matthews kom attende. Dette førte til albumet Albion Heart (1995). Dei brukte ikkje tradisjonelle folkeinstrument på albumet, men etter ei kort stund fekk dei med seg fiolinisten og mandolinisten Chris Leslie for den siste innspelinga i denne perioden, Demi Paradise (1996), før Leslie slutta og vart med i Fairport Convention og While og Matthews gjekk sine eigne vegar.[9] Konsertalbum frå denne tida var Acousticity on Tour (2004) og Albion Heart on Tour (2004).

Fleire generasjonar (1997-2002)

[endre | endre wikiteksten]

Den siste fasen av bandet var ei vending attende til eit meir tradisjonelt rockeformat og bestod av to generasjonar musikarar. Hutchings fekk med seg Ken Nicol og Joe Broughton på fele og Neil Marshall på trommer. Kvinnelege vokalistar på denne tida var Kellie While og Gillie Nicholls, som gjesta på det første studioalbumet i denne tida, Happy Accident (1998). Gillie Nicolls var eit fulltidsmedlem av bandnet på den andre plata Before Us Stands Yesterday (1999), men vart så erstatta av Kellie While for innspelinga av The Christmas Album seinare det året og for Road Movies (2001), det siste studioprosjektet deira. Ken Nicol slutta og vart erstatta av Pete Zorn, men det vart stadig vanskeleg å finne spelestader med den rette storleiken og i 2002 valde dei å leggje ned bandet.[10]

Albion Christmas

[endre | endre wikiteksten]

Medan Hutchings fortsette med andre prosjekt, starta han opp att Albion Band i eit akustisk format for ein juleturné i 2005, der dei kunne spele på mindre stader. Besetinga var basert på Simon Nicol, Kellie While og multi-instrumentalisten Simon Care.[11] Resultatet har vore tre julealbum: An Albion Christmas (2005), Winter Songs (2006) og Snow on Snow (2008). Eit fjerde album, Traditional (2009), er ei samling av songar frå dei føregåande tre.

The Albion Band sameina att

[endre | endre wikiteksten]

I juli 2011 annonserte Hutchings at The Albion Band skulle sameinast att, og for første gongen var han ikkje sjølv medlem. I staden let han stafettpinnen over til sonen, gitaristen og songaren Blair Dunlop. Denne nye besetninga bestod av fleire andre dåverande visemusikarar, som Katriona Gilmore (Tiny Tin Lady, Gilmore/Roberts) på fele og vokal, vokalisten, concertinaspelaren og gitaristen Gavin Davenport (Crucible, Glorystrokes, Hekety), trommeslagaren Tom Wright (Eliza Carthy/Glorystrokes) og Tim Yates (Blackbeard's Tea Party/The QP) på bass og sologitaristen Benjamin Trott. Dene besetninga gav ut EP-en Fighting Room i 2011 og det første studioalbumet deira Vice of the People kom i 2012.

I 2014 vart bandet oppløyst.

Bandmedlemmar

[endre | endre wikiteksten]

Tidlgare bandmedlemmar har vore:

[12][13][14]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Singlar

[endre | endre wikiteksten]

Album

[endre | endre wikiteksten]
Som The Albion Country Band
Som The Albion Dance Band
Som The Albion Band
Som The Albion Christmas Band (Ashley Hutchings, Simon Nicol, Simon Care, Kellie While)
Andre namn

DVD-ar

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Shirley Collins and The Albion Country Band: No Roses». Reinhard Zierke. 5. april 2014. Henta 20. april 2019. 
  2. P. Humphries, Meet on the Ledge, Fairport Convention, the Classic Years, (Virgin, 2nd edn 1997), p. 126.
  3. M. Brocken, The British Folk Revival, 1944-2002 (Ashgate, 2003), s. 104.
  4. «RGF / Road Goes on Forever Records - The Albion Band». Rgfrecords.demon.co.uk. Arkivert frå originalen 20. april 2019. Henta 20. april 2019. 
  5. [1] Arkivert 1. desember 2011 ved Wayback Machine.
  6. Sleeve notes from 1997 edition of Home Service, All Right Jack (Fledg'ling, 1997).
  7. P. Humphries, Meet on the Ledge, Fairport Convention, the Classic Years, (Virgin, 2nd edn 1997), s. 142.
  8. Garnet Rogers, Night Drive: Travels with My Brother (Brampton, ON: Tickle Shore Publishing, 2016), s. 400-401
  9. [2] Arkivert 19. desember 2011 ved Wayback Machine.
  10. [3] Arkivert 31. mars 2008 ved Wayback Machine.
  11. «The Albion Christmas Band Santa's Grotto». Thealbionchristmasband.googlepages.com. Arkivert frå originalen 9. mars 2009. Henta 20. april 2019. 
  12. «Folk Icons Albion Page». Arkivert frå originalen 31. mars 2008. Henta 20. april 2019. 
  13. «Kellie While Official site». Henta 20. april 2019. 
  14. «List Of Albion Band Members». Arkivert frå originalen 18. januar 2021. Henta 20. april 2019. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]