Thalasseus | |
Langnebbterne, Thalasseus elegans Foto: Wikimedia-brukar Regular_Daddy
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Underorden: | Lari |
Familie: | Måsefamilien Laridae |
Underfamilie: | Sterninae |
Slekt: | Thalasseus F. Boie, 1822 |
Thalasseus er ei biologisk slekt av seks store terneartar i måsefamilien. Det noverande slektsnamnet er avleidd frå gresk thalassa, "sjø".[1] Denne gruppa vart tatt i bruk etter år 2005, då det kom framlegg om å skilje ut desse artane frå Sterna-slekta.[2]
Dette er av dei største ternene med kroppslengd varierande frå 35 centimeter for bengalterne og opp til 53 cm for hinduterne.[3]
Thalasseus-ternene har lange tynne kvasse nebb, vanlegvis i ein nyanse av gult eller oransje unntatt i splitterne der nebb er svart med gul tupp hos dei fleste underartane. Alle er lyse terner med svart panne og krone i hekkedrakt og med raggete fjørkam på hovudet. I vinterdrakta blir det meste av hovudet kvitt, med svart på bakhovud og nakke.
Fuglane i slekta har samla sett ei nær verdsomspennande utbreiing, og mange av artane er vanlege og velkjende fuglar i områda sine. Hekkinga går føre seg i svært tette koloniar på kysten og på øyar, og unntaksvis i innlandet ved eigna store innsjøar nær kysten. Hannfuglar gjev småfisk til hoene som ein del av frieriet ved pardanninga.
Thalasseus-terner beitar ved stupdukking etter fisk, nesten utan unntak i hav. Dei dukkar vanlegvis direkte, og ikkje etter først å 'stille' i lufta slik som raudnebbterna ofte gjer.
Thalasseus i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2016[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]
IOC World Bird List, versjon 6.3, deler opp arten splitterne slik at fuglane i Amerika reknas som ein sjøvstendig art: