Terrorbalansen er eit omgrep frå den kalde krigen og viser til den tilstanden som rådde då USA og NATO-landa på den eine sida og Sovjetunionen og Warszawapaktlanda på den andre sida begge hadde tilstrekkelege mengder atomvåpen til at dei kunne utslette kvarandre. Som militær strategi oppnår ein med terrorbalanse at krig vert meiningslaust, og slik var terrorbalansen med på å hindre at krig braut ut mellom dei balanserande partane. Det er framleis tru på at garantien om gjensidig ødelegging er ein garanti for fred.[1]

Mutually assured destruction

Mutually assured destruction, eller «garantert øydelegging av båe sider», vart sett på som ein måte å garantere fred på. Ein viktig føresetnad for å oppnå «MAD» var at ingen part kunne slå ut den andre før denne greidde å reagere, slik at òg den som gjekk til åtak først, sjølv skulle verta øydelagd. For å bevare slik jamvekt fanst to alternative strategiar:



Referansar

  1. https://www.aftenposten.no/verden/i/5VzXeE/3-verdenskrig_-bensinpris-og-fotball-VM-Slik-styrer-Putin-verdens-storste-land-pa-direkten-foran-TV-kameraene. «– Det er trist å innrømme det, men garantien om gjensidig ødeleggelse er en garanti for fred, sa Putin.»  Missing or empty |title= (hjelp)