Tereksnipe | |
Tereksnipe i Hong Kong Foto: CharlesLam
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Geografisk utbreiing
██ Berre hekking██ Trekk██ Overvintring
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Snipefamilien Scolopacidae |
Slekt: | Xenus |
Art: | Tereksnipe X. cinereus |
Vitskapleg namn | |
Xenus cinereus Güldenstädt, 1775
|
Tereksnipe (Xenus cinereus) er ein liten trekkjande vadefugl i snipefamilien, Scolopacidae, og den einaste medlemmen av slekta Xenus. Arten har hekkeutbreiing avgrensa til i palearktis og har fått namn etter elva Terek som renn ut vest i Kaspihavet, fordi arten først vart skildra rundt i dette området.[1] Slektsnamnet Xenus er frå gammalgresk 'xenos', «framandt», og cinereus er latin for «oskegrå» frå 'cinis' eller 'cineris', «oske».[2]
Mest karakteristisk for arten sin utsjånad er det lange oppbøygde nebbet, noko som gjev assosiasjon til avosettar. Tereksnipa er litt større enn ei strandsnipe, ca. 22-25 cm i kroppslengd. Som det vitskaplege namnet tilseier, har denne vadefuglen ein grå rygg, andlet og bryst i alle fjørdrakter; ei kvit augebrynstripe kan verka meir eller mindre tydeleg. Buken er kvitaktig og føtene gule, nebbet har ein gulaktig base, men er elles svart.
Denne fuglen hekkar nær vatn på boreal taiga i Russland omtrent frå grensa mot Finland og Baltikum gjennom Sibir til aust for Kolymaelva nesten til byen Anadyr ved Beringhavet.[3] Det er òg eit mindre isolert hekkeområde lengst nordaust i Bottenvika.[4] Tereksnipene trekker sørover om vinteren til tropiske kystar i Aust-Afrika, Sør-Asia og Australia, vanlegvis føretrekte område med mudderbankar, sandstrender eller ved brakkvatn. Ho er ein sjeldan streiffugl i Vest-Europa. Ho blir òg registrert som streiffugl både i Nord-Amerika og i neotropisk område.[3]
Tereksnipene beitar på ein særeigen og svært aktiv måte, jagar insekt og andre mobile byttedyr. Hekking skjer einskildvis eller i lause koloniar. Ho legg tre eller fire egg i eit sparsamt fôra reir på bakken.
Med vid utbreiing og mange observasjonar, er tereksnipa ikkje rekna som ein truga art av IUCN, og storleiken på populasjonen er trudd å vere stabil.[5]