Tejime手締め, også kalla teuchi手打ち, er ein japansk rituell klappeskikk som blir brukt til å avslutta ulike samkomer. Klappinga finn ofte stad i lag med ein kort tale og entusiastiske utrop frå ein leiar.[1] Ein kan utføra tejime ved slutten av eit forretningsmøte, på auksjonar og børsar, ved ei høgtid eller eit festleg høve.[2] Seremonien kan avsluttast med ein applaus.
Former
Det finst ulike former for tejime, med ulike klappemønster:
Andre former er mellom anna Ōsaka-jime (大阪締め) og Hakata te ippon (博多手一本), som blir utført ved Hakata-Gion Yamakasa-festivalen i Fukuoka.
Kjelder
↑«Tejima». Nihon Kokugo Daijiten (日本国語大辞典 “Large Dictionary of the Japanese Language”) (på japansk). Tokyo: Netto Adobansusha. 2012. Arkivert frå originalen 25. august 2007. Henta 25. februar 2012.
↑«Tejime». Puroguresshibu Waei Chūjiten (プログレッシブ和英中辞典 “Progressive Japanese-English Dictionary”) (på japansk). Tokyo: Shogakukan. 2012. Arkivert frå originalen 25. august 2007. Henta 25. februar 2012.