Svenska Akademien er eit litterært og språkleg selskap i Sverige med sete i børshuset i Gamla Stan i Stockholm. Akademiet vart grunnlagd den 20. mars 1786 av kong Gustav III. Føremålet for akademiet er å fremje den svenske litteraturen og det svenske språket eller som det heitte opphavleg «arbeta uppå Svenska Språkets renhet, styrka och höghet».[1] Svenska Akademien er kjend under namnet De Aderton fordi selskapet er sett saman av atten medlemmer.
Internasjonalt er Akademiet mest kjend for utnemninga av Nobelprisvinnarar i litteratur. Til dei prisane som akademiet årleg eller jamleg deler ut, høyrer den norsk-svenske Doblougprisen og Akademiet sin nordiske pris.
Selskapet gjev jamleg ut Svenska Akademiens ordlista över svenska språket. Denne ordlista tek sikte på å atterspegla språket i samtida. Sidan 1786 har akademiet arbeidd med ei historisk ordbok over det svenske språket, eit fleirbindsverk som enno ikkje er ferdig utgjeve. Ein reknar med at siste band i ordboka kjem i 2017.
Svenska akademien har 18 medlemmer. Nye medlemmer vert valde inn etter hemmeleg avstemming mellom akademiets medlemmer. Kvart medlem sit på livstid og det er ikkje råd å avseie seg medlemskapet. Eit medlem kan bli kasta, om han til dømes bryt mot teieplikta og røper noko frå Akademiets interne drøftingar. Akademiet har ein fast sekretær (sv. ständig sekreterare). Sekretæren er akademiets talsperson. Kvart akademimedlem har sin nummererte stol.
Dei noverande medlemmene ordna etter stolsnummer er: