Svartvengalbatross | |
Svartvengalbatross på austkysten av Tasmania Foto: JJ Harrison
| |
Status | |
Status i verda: | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Albatrossfamilien Diomedeidae |
Slekt: | Diomedea |
Art: | Svartvengalbatross D. sanfordi |
Vitskapleg namn | |
Diomedea sanfordi Murphy, 1917
|
Svartvengalbatross (Diomedea sanfordi) er ein albatrossart i slekta Diomedea som høyrer til ein populasjon med hekking på Chathamøyane aust for New Zealand. BirdLife International splitta D. sanfordi frå kongealbatross, D. epomophora[1] med referanse til Robertson and Nunn (1998)[bliref 1] og Brooke (2004).[bliref 2] Somme autoritetar, som Clementslista ('eBird/Clements checklist') og SACC held framleis pr 2023 D. m. sanfordi som underart av kongealbatross, Diomedea melanophris, men SACC spør etter framlegg til splitt.[2]
Dette er ein stor albatross, berre vandrealbatrossen overgår denne arten i maksimal og gjennomsnittleg storleik. Kropp, hovud og underside av vaksne individ er i kvitt, men med mørke vengespissar og ein smal mørk bakkant på undervengen. Nebbet og beina er i rosa. Oversida er vengen er mørk på vaksne fuglar, men ryggen kvit. Vaksne individ av svartvengalbatross kan skiljast frå kongealbatross, eller nominatforma, med langt mørkare overside av vengen. Oversida er mørk heilt mot framkanten der den sørlege populasjonen har kvit framkant på vengen. Ungfuglar kan vere vanskelege å identifisere, men om ein fugl har svart på hovudet eller i stjertfjører er han vanlegvis ein svartvengalbatross. Eit godt kjenneteikn på begge desse artane D. sanfordi og D. epomophora (begge tidlegare kongealbatross) som skil dei frå vandrealbatross-gruppa er ei mørk stripe langs nebbgapet der vandrealbatrossen er lys rosa.[3] D. sanfordi veg i området 6,5 til 6,8 kg, har vengespenn på 3 - 3,5 meter[4] og er ca. 115 cm lang.[1]
Hekkeområdet for svartvengalbatrossen er nesten utelukkande Chathamøyane (99 %), men nokre hekkar på Aucklandøyane og på Sørøya på New Zealand.[1] Utanom hekkesesongen spreier desse albatrossane seg sirkumpolart, dei fleste mellom 30 og 52 °S.[3]
IUCN klassifiserer denne arten som sterkt truga. Populasjonen er estimert til ca. 25 000-26 000 individ og populasjonen er trudd å vere minkande.[1]