Svanvik kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Henny Stokseth | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
Prosti | Varanger | ||
Sokn | Sør-Varanger | ||
Fellesråd | Sør-Varanger | ||
Arkitekt | Harald Sund | ||
Teknikk | Tømra | ||
Innvigd | 5. september 1934 | ||
Takryttar | kraftig takryttar midt over kyrkjerommet | ||
Altartavle | av Arthur Gustavson | ||
Sitjeplassar | 250 | ||
Svanvik kyrkje 69°27′11″N 30°03′15″E / 69.45305°N 30.05416°E | |||
Wikimedia Commons: Svanvik kirke |
Svanvik kyrkje, tidlegare kapell, står i Svanvik i Sør-Varanger kommune i Finnmark fylke, og er ei tømra kyrkje med sentralplan. Kapellet vart bygd i åra 1932–1934. Arkitekt for bygget var Harald Sund. Kyrkja har eit norsk nasjonalromantisk preg med mørke tømmervegger og raudmåla listeverk og grøn dør utvendig. Også inni har kyrkja mørke tømmervegger som står i kontrast til dei fargesprakande søylene, benkane og inventaret.
Kyrkja høyrer til Sør-Varanger kyrkjesokn i Varanger prosti.
Som med Kong Oscar IIs kapell i Grense Jakobselv og Neiden kapell låg det også i Svanvik ein politisk baktanke frå styresmaktene bak oppføringa av kyrkja. Ein ynskte å gje folk i området lett tilgang til ei norsk kyrkje. Målet var å knyte folket i området fastare til det norske samfunnet gjennom kyrkja, og slik styrke den norske suvereniteten over området.