Sunnylven er ein tidlegare kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen vart oppretta som Sunnylven formannskapsdistrikt i 1837.
Den 1. januar 1965 vart Sunnylven samanslegen med Stranda til den nye Stranda kommune. Ved samanslåinga budde det 1 221 personar der. Sentrum i Sunnylven er Hellesylt. Sunnylven har eige idrettslag, Sunnylven IL
Folketalsutvikling for tidlegare Sunnylven kommune frå 1900 til 1965:
1900[1] | 1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1965[5] |
---|---|---|---|---|---|---|
1740 | 1556 | 1580 | 1520 | 1392 | 1238 | 1221 |
Ole Karl Frøysøye, Ole M. Gausdal, Ivar Kjelstad, Arne Korsbrekke, Ole I. Langeland, Rasmus Langeland og Nils A. Liaaen var alle fødde i Sunnylven.