Stolbovoj | |||
øy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Ljakhovskijøyane | ||
Areal | 170 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Stolbovoj 74°04′00″N 135°55′00″E / 74.066666666667°N 135.91666666667°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Stolbovoy Island |
Stolbovoj (russisk Столбовой остров) er ei lang og smal øy sørvest for Nysibirøyane aust i Laptevhavet i republikken Sakha i Russland. Ho ligg 184 km frå kysten av Sibir og 100 km sørvest for Kotelnyjøya, og ligg dermed ganske langt frå Nysibirøyane, sjølv om ho vert rekna som ein del av Ljakhovøyane, som igjen er ein del av Nysibirøyane.
Stolbovoj har eit areal på om lag 170 km². Ho er 47 km lang og opp mot 10 km på det breiaste. Det er ein 5 km lang innsjø nordaust på øya. Ho er skild frå havet av ei smal landtunge. Det høgaste punktet på Stolbovoj er 222 meter over havet. Øya har 17-70 meter høge klipper og bratte skrentar ned mot strendene langs kysten.
Klimaet er særs hardt med lange, bitre vintrar, så farvatnet rundt Stolbovoj er dekt av is det meste av året.
Stolbovoj består av tektonisk omforma sedimentære bergartar som akkumulerte seint i juratida til tidleg i krittida. Desse turbidittane, som inneheld fossil av marine muslingar, består av leie av sandstein, siltstein og argilitt. Desse bergartane har vorte folda til ein synklinal struktur, skyveforkasta og med intrusjon av små gangar av kvartsdioritt.[1][2]
Kryptogame urter dekker Stolbovoj. Ho består av eit tørt til vått, aude landskapet, med spreidde urter, lav, mosar og levermosar.[3]