Stokkand | |
![]() Stokkandhann | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() Status i Noreg: ![]() ![]() Utbreiinga av stokkand | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Slekt: | Anas |
Art: | Stokkand A. platyrhynchos |
Vitskapleg namn | |
Anas platyrhynchos |
Stokkand (Anas platyrhynchos) er den største av grasendene i Noreg og er ogso den vanlegaste.
Ein vaksen andrik vert om lag 1,5 kg og er 50–65 cm lang med eit vengespenn på 81–98 cm. Hoa er litt mindre med sine 1,3 kg. Hoa har lysebrunt nebb med enkelte mørke sjatteringar, medan andriken har einsfarga grøngult nebb. Vengene til stokkanda har eit karakteristisk blått område med kvite band framfor og bak. Andriken skiftar utsende og frå november til mai har han praktdrakt med eit skinande grønt hovud.
Stokkanda kan forvekslast med fleire andre grasender, slik som skeiand, stjertand og brunnakke. Skeianda har eit kraftig nebb og eit blått felt fremst på vengen, denne er også betydeleg mindre enn stokkanda. Stjertanda er slankare og har ein lengre hals enn stokkanda. Brunnakken er betydeleg mindre og har eit kvitt felt på oversida av vengen.
Stokkanda er vanleg i heile Noreg. Ho er veldig tilpassingsdyktig og held til frå skjergarden og heilt opp til vierregionen.[2] Arten er jaktbar og årleg vert det felt om lag 50 000 stokkender.