Steinskvettar
Middelhavssteinskvett, Oenanthe hispanica Foto: Mark S Jobling
Middelhavssteinskvett, Oenanthe hispanica
Foto: Mark S Jobling
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Eupasseres
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Flugesnapparfamilien Muscicapidae
Underfamilie: Saxicolinae
Slekt: Steinskvettar Oenanthe
Vieillot, 1816

Steinskvettar er sporvefuglar av slekta Oenanthe i flugesnapparfamilien. Dei fleste artane har karakteristiske svarte og kvite eller raude og kvite teikningar på overgumpen eller på stjerten. Dei fleste artane syner sterkt kjønnsdimorfisme, berre hannfuglar har dei slåande fjørdraktmønstra som er karakteristiske for slekta, men hoene deler den kvite eller raude flekken på overgumpen.

Dei vart tidlegare rekna som medlemmer av trastefamilien Turdidae, men er i dag meir vanleg plassert i flugesnapparfamilien Muscicapidae. Dette er ei gruppe i «den gamle verda», men arten steinskvett er no òg etablert i Canada, Grønland og Alaska.

Steinskvettar er jordlevande insektetande fuglar på opent og ofte tørt land. Dei hekkar i fjellsprekker eller i hòler. Nordlege artar er langdistansemigrantar, overvintrar i Afrika.

Artslista

[endre | endre wikiteksten]

Steinskvettar IOC World Bird List V14.1. 2024,[1] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2024). «Parrots». IOC World Bird List Version 14.1. International Ornithologists' Union. Henta 4. februar 2024. 
  2. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 8. desember 2023.