Stefan Zweig

Statsborgarskap Austerrike-Ungarn, Austerrike
Fødd 28. november 1881
Wien
Død

22. februar 1942 (60 år)
Petrópolis

Yrke skribent, omsetjar, journalist, skodespelforfattar, lyrikar, litteraturkritikar, historikar, biograf, romanforfattar, prosaforfatter, essayist
Religion Jødedommen
Far Moritz Zweig
Mor Ida Zweig
Ektefelle Friderike Maria Zweig, Lotte Zweig
Signatur
Stefan Zweig på Commons

Stefan Zweig (28. november 188123. februar 1942) er ein av dei viktigaste tyskspråklege forfattarane i mellomkrigstida.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Stefan Zweig vart fødd i Wien i 1881 som andre son av ein bøhmisk tekstilfabrikant, Moritz Zweig og ei italiensk bankierdotter. Han voks opp i ein velståande austerriksk-jødisk familie. På gymnasiet utvikla han interesse for litteratur. Han studerte filosofi og litteraturvitskap ved universitetet i Wien.

Zweig er kjend som forteljar, essayist, lyrikar, biograf og dramatikar, og verka hans er omsette til mange språk. Den tidlege lyrikken hans var påverka av franske symbolistar, austerrikske impresjonistar og tyske nyromantikarar. Med bakgrunn i filosofistudiane sine skreiv han fengslande psykologiske noveller omkring kaotiske kjensler og sjelelege kriser (Amok, 1922; Verwirrung der Gefühle, 1927; Schachnovelle, 1942 som vart filmatisert 1960). Han skreiv om fleire historiske personar som Joseph Fouché (1929), Marie Antoinette (1932), Maria Stuart (1935) og Magellan (1938), og i samleverket Baumeister der Welt (1935) skriv han biografiar om mange diktarar: Balzac, Dickens, Dostojevskij, Hölderlin, Kleist, Nietzsche, Stendhal og Tolstoj.

Zweig hadde eit personleg humanistisk og pasifistisk syn som var bakgrunn for romanen Triumph und Tragik des Erasmus von Rotterdam (1934)

Zweig og kona hans tok liva sine i Petrópolis ved Rio de Janeiro i Brasil i fortviling over undergangen til den europeiske kulturen.[1]

Verk (utval)

[endre | endre wikiteksten]

Bøker omsette til norsk

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Vestli, Elin Nesje (25. januar 2023). «Stefan Zweig». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. «Sjakknovelle», Skald, arkivert frå originalen 23. mai 2019, henta 30. juni 2019 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]