Stavanger domprosti er eit tenestedistrikt i Stavanger bispedømme i Den norske kyrkja. Sidan prostiet er knytt til Stavanger domkyrkje, er det leia av ein domprost.
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn. I eit domprosti kan nokre av dei tilsette ha tenste i heile bispedømmet.
Prostiet var tidlegare inndelt i prestegjeld og sokn. Prestegjelda vart fasa ut av Den norske kyrkja frå 2004 med Nærøy prosti i Nidaros bispedømme som det fyrste til å leggje om til nyordninga 17. juni 2004.[1] Frå 2012 gjekk det også ut av lovverket.[2]
Per 2017 var det ni sokn i domprostiet: Domkyrkja, St. Petri, St. Johannes, Varden, Kampen, Stokka, Hundvåg, Bekkefaret og Tjensvoll. [3]