Eit smil er eit uttrykk for menneskelege kjensler, framkalla ved lett samantrekking av musklar i ansiktet. Eit smil kan omfatte musklane rundt munnen og augo.
Det første uttrykket for kjensler hos menneske er skriket. Det neste er gjerne smilet. Først smiler barna med munnen, ofte berre nokre veker gamle. Dette smilet kjem helst når barnet har soge seg mett på mjølk. Smilet som uttrykk for kjensler har vi med oss heile livet, ofte heilt inn i dødsaugneblinken.
Litt eldre barn kan kombinere smilet med ein lyd, og smilet utviklar seg til latter.
Det opphavlege smilet er eit enkelt og ukomplisert uttrykk for gode kjensler. Men andre kjensler kan òg bruke dei same ansiktsmusklane for å uttrykke ordlaust språk. Slik kan vi smile medlidande, hånleg, deltakande, kjærleg, vellystig, hult, forførande osv. Smil kan vere tilgjorte eller naturlege.
Smilet er knytt til vårt inste sjeleliv. Eit smil hos eit menneske vert gjerne etterfølgd av eit tilsvarande smil hos dei som ser smilet. Slik er smilet ein viktig del av det ordlause språket menneske imellom.
Smilet har ulik funksjon i ulike kulturar. I nokre kulturar smiler og ler folk mykje, i andre kulturar er det ikkje sed og skikk at vaksne menneske blottlegg kjenslene sine ved å smile.
Bibelens Job minnest med lengsel dei gode dagar, då han kunne oppmuntre folk med eit smil [1].
Håvamål advarar mot det falske smilet:
Ingen har måla smilet som Leonardo da Vinci. Smilet vert bruka i ungdommeleg kommunikasjon, ofte som ei såkalla smiley-tekning (eit smilefjes) eller som emotikonet : ).
Jakob Billström: Leendet. En psykologisk studie. Särtryck ur Ord och Bild, Stockholm 1939.