Sleepwalking Studioalbum av Gerry Rafferty | ||
Utgjeve | September 1982 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 37:20 | |
Selskap | Liberty Records | |
Produsent | Gerry Rafferty, Christopher Neil | |
Gerry Rafferty-kronologi | ||
---|---|---|
Snakes and Ladders (1980) |
Sleepwalking | North and South (1988)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Sleepwalking er det femte studioalbumet til Gerry Rafferty, gjeve ut i 1982. Det var oppfølgjaren til Snakes and Ladders frå 1980. Albumet var det siste han gav ut for Liberty/United Artists, og det siste på seks år.
Sleepwalking vart produsert av Rafferty i lag med Christopher Neil som sidan vart produsent for Mike + The Mechanics. I motsetnad til dei førre Rafferty-albuma, var det mykje meir bruk av synthesiserar og trommeprogrammering, mellom anna gjort av Christopher Neil, med bidrag frå dei britiske studiomusikarane Hugh Burns, Mo Foster, Liam Genockey, Kenny Craddock, Maurice Pert og Mel Collins.
Albumet vart gjeve ut som eit dobbeltalbum med Snakes and Ladders av EMI i august 2012.
Songen «The Right Moment» frå albumet vart seinare spelt inn av Olivia Newton-John i 1985 for albumet hennar Soul Kiss.
Alle songar er skrivne av Gerry Rafferty.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Standing at the Gates» | 6:48 |
2. | «Good Intentions» | 4:12 |
3. | «A Change of Heart» | 4:07 |
4. | «On the Way» | 4:28 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «Sleepwalking» | 3:52 |
6. | «Cat and Mouse» | 5:02 |
7. | «The Right Moment» | 3:22 |
8. | «As Wise as a Serpent» | 5:16 |
Studioalbum | |
---|---|
Samlealbum | Gerry Rafferty · Baker Street |
Singlar | «Baker Street» · «Night Owl» |
Tilknytte artiklar | The Humblebums · Stealers Wheel · Joe Egan |