Sjruti (sanskrit श्रुति śruti) er eit sanskritord som tyder 'det som blir høyrt'. I dag er ordet brukt med forskjellige tydingar i indisk musikk og hinduisme.

Sjruti i hinduisme

Sjruti er ei av to hovudkjelder for lover i hindu lovkunne og religion. Sjruti kan omsetjast som 'openberring', og smrti, den andre hovudkjelda, som 'tradisjon'. Hinduar trur at vismenn 'høyrde' sjrutiane då dei sat og fordjupa seg i Gud. Alle hinduar godtek at vedaene og bhagavad-gitaen er sjruti, men det finst også andre bøker som berre nokre hinduar ærar på denne måten.

Sjruti i indisk musikk

Sjruti er eit omgrep i indisk musikk, og kan her tyda to ting:

Sjruti kan også tyda berre 'melodi', og har denne tydinga i uttrykk som det tamilske 'sruthi suddham' (å syngja eller spela reint).