Signe Iversen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. desember 1956 (67 år) Nesseby kommune |
Yrke | barnebokforfattar, forfattar |
Born | Agnete Saba |
Debut | 2011 |
Signa Iversen (fødd 22. desember 1956 i Nesseby) er ein samisk språkkonsulent og barnebokforfattar. Den første boka hennar, Mánugánda ja Heike («Måneguten og Heike»), som kom ut i 2011, vart i 2013 nominert til det første Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris frå det samiske språkområdet.[1]
Signe Iversen er frå Reppen i Nesseby kommune og arbeider som språkkonsulent ved det samiske språksenteret Isak Saba senteret.[2] Boka skreiv ho til dotter si Agnete Kristin Johnsen då dottera gjekk i småskolen. Seinare tok dottera forteljinga med på skulen og fortalde henne i klassa. Læraren tok deretter kontakt med forfattaren og spurde om ho ikkje kunne senda forteljinga til eit forlag, og etter kvart vart det bok av forteljinga.[3] Boka er illustrert av Sissel Horndal.