Shibam | |||
شبام حضرموت | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Hadhramaut | ||
Distrikt | Shibam | ||
Koordinatar | 15°55′36.98″N 48°37′36.01″E / 15.9269389°N 48.6266694°E | ||
Folketal | 7 000 | ||
Grunnlagd | 1167 | ||
Tidssone | UTC+3 | ||
Verdsarvstad | |||
Namn | Gamlebyen i Shibam | ||
År | 1982 (#6) | ||
Region | Arabia | ||
Kriterium | iii, iv, vi | ||
![]() Shibam 15°55′37″N 48°37′36″E / 15.926944444444°N 48.626666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Shibam | |||
Shibam (arabisk skrift شِبَام), ofte kalla Shibam Hadhramaut, er ein by i Jemen. Han har kring 7 000 innbyggjarar og er setet i Shibam-distriktet iHadhramaut guvernement. Byen er kjend for dei høge bygningane sine i leirstein.
Byen vart første gongen nemnd i inskripsjonar på 200-talet.[1] Han var hovudstaden i kongedømet Hadramawt.
Sjibam ligg vest i det sentrale området av Hadhramaut guvernement, i ørkenen Ramlat al-Sab`atayn. Hovudvegen går til Sana'a og andre byar vest i Jemen, og til dei austlege områda av landet. Dei nærmaste byane er Seiyun og Tarim, begge i aust.
Shibam er innskriven på verdsarvlista til UNESCO på grunn av den særeigne arkitekturen. Husa i Shibam er laga av teglstein av gjørme og leire og kring 500 av dei er bustadblokker, frå 5 til 11 etasjar høge,[2] der kvar etasje har eitt eller to rom.[3] Denne arkitektstilen vart nytta for å verne innbyggjarane mot beduinåtak. Shibam har eksistert i kring 1700 år, men dei fleste husa i byen er frå 1500-talet. Mange hus er derimot blitt ombygd mange gonger dei siste hundreåra.
Shibam vert ofte kalla «den eldste skyskraparbyen i verda» eller «ørkenens Manhattan», og er ein av dei eldste og beste døma på byplanlegging basert på prinsippet om å byggje i høgda.[4] Byen har somme av dei høgaste leirsteinsbygningane i verda, somme av dei over 30 meter høge[5], og er dermed tidlege høghusblokker. For å verne bygningane frå regn og erosjon, må ein rutinemessig vedlikehalde veggane med å påføre eit ferskt lag med gjørme.
Den nærliggande byen Tarim inneheld det høgaste byggverket i Wadi Hadhramaut-dalen, ein minaret i leirstein som høyrer til Al-Mihdhar moské. Det er kring 53 meter høgt.[3] Dette er den høgaste minareten sør på Den arabiske halvøya.[6]
Byen vart hardt råka av flaum i 2008.[7] Fundamentet på fleire bygningar i byen vart øydelagde av flaumen og førte til at dei etter kvart kollapsa.[8] Byen var òg eit mål for Al Qaida-åtak i 2009.[9][10]