Seikval | |
![]() Seikval | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av seikval | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Finnkvalfamilien Balaenopteridae |
Slekt: | Balaenoptera |
Art: | Seikval B. borealis |
Vitskapleg namn | |
Balaenoptera borealis Lesson, 1828
|
Seikval (Balaenoptera borealis) er ein bardekval i finnkvalfamilien. Han finst i alle verdshava. Seikval vart fanga i britiske og norske farvatn før Den andre verdskrigen, men førekjem no berre sporadisk i norske farvatn. Det finst større bestandar nær Island og Grønland. På den sørlege halvkula vart det fanga store mengder seikval på 1900-talet, særskilt frå 1950-talet av då bestandane av blåkval, finnkval og knølkval var i ferd med å bli borte. Det vart fanga 20 000 seikval på den sørlege halvkula berre i året 1964. Den kommersielle fangsten i sør tok slutt i 1979 og i Nordatlanteren i 1989. Bestanden er no kraftig redusert - Den internasjonale kvalfangstkommisjonen anslo i 1996 10 000 individ sør for 30 grader sør, men talet er svært usikkert.[1] Arten er lett å forveksla med finnkval.[2]