Sara Lidman har sidan 1953 skrive nitten romanar, som gjennomgåande vert prega av tema og historier om solidaritet og sosiale motsetningar. Forteljingane utspelar seg ofte i Västerbotten på siste delen av 1800-talet og fyrst på 1900-talet, då store endringar påverka dei små samfunna. Med romanserien Jernbanan, som skildrar moderniseringa av det nordlege Sverige, fekk Lidman seg ein plass mellom dei fremste samtidsforfattarane i Sverige. Det er bøkene Din tjänare hör, Vredens barn, Nabots sten, Den underbare mannen, Järnkronan, Lifsens rot og Oskuldens minut som utgjer romanserien Jernbanan, alle er omsette til norsk av Ivar Eskeland og Jo Ørjasæter.
Lidman var heile sitt liv ein flittig agitator og debattør. Gjennom bøker og talar let ho si røyst verte høyrd, frå Vietnamkrigen til protestane mot USA's invasjon i Irak. Ho døydde i Umeå) i 2004.