Rustkragesporv | |
Bilete frå Manizales, Caldas, Colombia Foto: Julian Londono
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Rustkragesporv | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Amerikasporvfamilien Passerellidae |
Slekt: | Zonotrichia |
Art: | Rustkragesporv Z. capensis |
Vitskapleg namn | |
Zonotrichia capensis Müller, 1776
|
Rustkragesporv (Zonotrichia capensis) er ein amerikansk sporv som lever i eit breitt spekter av habitat, ofte i nærleiken av menneske, frå den ekstreme søraustlege delen av Mexico sørover til Tierra del Fuego, og på dessutan på øya Hispaniola i Karibia. Arten er kjent for eit rikt songrepertoar, intensivt studert sidan 1970-talet. Vanlege namn for denne fuglen i utbreiingsområdet inkluderer portugisisk tico-tico, spansk chingolo, og lokale namn som copetón i Colombia og comemaíz i Costa Rica.
Rustkragesporv er 12-13,5 cm lang og veg 17-31 gram.[1] Vaksne fuglar har eit kort og kraftig grått nebb og fjørdrakta har grått hovud med breie, svarte striper på sidene til krona og tynnare stripar gjennom auget og under kinna. Nakke og brystsider er raudbrune og oversida er svartstripa på brungult. To svake, kvite vengband er synlege i sittestilling. Strupen og undergumpen er kvit og undersida er lys beige, men gradvis brun opp mot flankane. Dei har ein svart flekk mot brystsidene ved kragen, storleiken på flekkene er varierande med underart.
Unge fuglar har eit utvaska, meir uklårt mønster på hovudet, med brune striper og ein brungul overside. Dei manglar den raudbrune kragen, og har generelt streka fjørdrakt.
Det finst mellom 25 og 29 underartar. Generelt finn ein populasjonane med dei minste fuglane i kystfjell, mellomstore fuglar i Andesfjella, og dei største, mørkare formene på tepuiar. Den største av tepui-underartarne, Z. c. perezchincillae, har grå underside, og kragen strekkjer seg som eit mørkt band av frekner rundt brystet.
Dette er først og fremst ein standfugl, men underarten i Patagonia har ei åtferd med trekk nordover i den australske vintersesongen.[1]
I den nordlege og vestlege delen av utbreiingsområdet er denne generelt talrike fuglearten typisk funne i høgder på 600 til 4000 moh., og opptil 4300 m ved Andes, men i dei sørlege og austlege delar lever han vanlegvis heilt ned til havnivået. Han kan treffast i nesten einkvart opent eller halvopent habitat, inkludert dyrka område, hagar, parkar, grassletter og cerrado i Brasil. Dei trivst godt i urbane og forstadsmiljø, men er fråverande frå dei tett skogkledde delane av Amazonasbassenget.
Dei er er òg utbreidde på Guayanaskjoldet, hovudsakleg på platåfjell (tepuiar) og i Pakaraima-fjella i Guyana.[2]
Rustkragesporvar beitar på frø på bakken, nedfalle korn, insekt og edderkoppar. Det vil nokre gongar delta i fleirartsflokkar og har blitt observert å plukke termittar frå spindelbanar.[3][4][5] Vanlegvis opptrer dei i par som held små territorium, eller dei lever i små flokkar. Dette er fuglar som er generelt tillitsfulle ovanfor menneske, er vanleg gjennom det store utbreiingsområdet og arten er klassifisert som livskraftig (LC) av IUCN.[6]
Hekkesesongen er avgrensa av mattilgjenge og av nedbør, styrt av lokale klimatiske sesongvariasjonar. I dei subtropiske sidene av Andes i nordvestre Argentina byrjar hofuglane å byggje reir rundt slutten av oktober, når den våte sesongen kjem, men i byrjinga av desember er dei fleste hekkeaktivitetane allereie fullførte. I Pichinchaprovinsen i Ecuador, har ein funne ruging i desember, og reirbygging er registrert der i mars og april, noko som tyder på utvida hekking gjennom heile den våte sesongen. Dei opne koppforma reira består av plantematerialar fôra med fin gras.[1] Reira er plasserte i vegetasjon på bakken, lågt i eit tre eller ein busk, eller i ein vegg, opptil 2 meter høgt, men vanlegvis mindre enn 0,5 m over bakken.[7][8] Hoa legg bleikgrønblå egg med raudbrune flekker. Storleiken på kulla varierer, 2-3 egg i Mellom-Amerika, 4-5 i Argentina. Rustkragesporvar er reirparasittisk vert for arten silketrupial, Molothrus bonariensis.
Fuglelætet for rustkragesporv har blitt grundig studert og syner omfattande geografisk variasjon.[9][10] Lætet inkluderer eit skarp 'tsip' eller 'sjink' som varierer geografisk. Hannar kan synge frå ei låg grein, og gje ein song av utydelege fløytetonar med eller utan ei avsluttande trille.
For populasjonar i subtropiske og tempererte område i Argentina, kan songen skildrast som følgjer: Songar er vanlegvis tvidelte: ein innleiande frase, kalla tema i den opphavlege skildringa av songen,[9] med to til fire reine toneflikkar som er flate, stig, fell eller stig og fell i tonehøgd, følgt av ei avsluttande trille, samansett av fleire identiske eller nesten identiske element. Ein finn ein høg grad av stereotypi hos einskildindivid, både innanfor og mellom årstider. Trillfrekvensen er svært konsistent, men varierer sterkt mellom populasjonar, med intervall mellom elementa varierande frå 12 ms til 400 ms eller meir.