Rolf Dieter Brinkmann

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 16. april 1940
Vechta
Død

23. april 1975 (35 år)
London

Yrke lyrikar, omsetjar, novelleforfattar, essayist, romanforfattar, dagbokskrivar
Rolf Dieter Brinkmann på Commons

Rolf Dieter Brinkmann (16. april 194023. april 1975) var ein tysk lyrikar, novelle- og romanforfattar, essayist, redaktør og omsetjar. Han blir sett som ein føregangar for poplitteraturen frå 2000-talet i heimlandet sitt, men med ein subversiv grunnkarakter som den seinare tidsstrøyminga manglar.[1][2]

Liv

Rolf Dieter Brinkmann voks opp i eit katolsk miljø i den vesle nordvesttyske byen Vechta. Faren Josef Brinkmann var utdanna boktrykkar, som far sin, men arbeidde etter krigen ved skatteverket. Mora Magritte var utdanna kokke som før krigen var kjøkkensjef på eit gods i Westfalen, men etter krigen var ho heimeverande. Rolf (som var tiltalenamnet hans, andrenamnet Dieter blei lagt til seinare som forfattarnamn) var det einaste barnet deira.

Som femåring byrja han på i ein katolsk folkeskule, der han var elev til 1950. Ved ti års alder fortsette han ved det humanistiske Gymnasium Antonianum, med studiar i latin, gresk og engelsk. 16 år gammal heldt han foredrag om eksistentialisme i ei elevforeining som kom saman jamleg, og om diktarar som Benn og Rimbaud. Han resiterte dikt av forfattarar som Rilke og Pound, og deltok i teateroppsetjingar, ein gong i rollen som Beckmann i Wolfgang Borchert sitt Draussen vor der Tür.

Han gjekk på Antonianum fram til mars 1958, då han dumpa i gammalgresk og kjemi, og gjekk ut utan sluttkarakter.[3] Seinare same haust fekk høve til å ta opp att faga.[4] Året før hadde mor til Brinkmann døydd av brystkreft etter eit års sjukdom, ei oppleving han vende tilbake til i arbeida sine fleire gonger.[5] Faren gjekk bort ti år seinare, i 1967. Rolf Dieter Brinkmann flytta til Essen i 1959 for å ta ei utdanning retta mot bokhandel.

I Essen blei han kjende med Maleen Kramer (fødd 1940), den komande kona si, som etter at han døydde blei hovudredaktør ved utgjevinga av verka til Brinkmann verk. Paret busette seg i Köln i 1962. Fleire kortare opphald i London på 1960-talet førte Brinkmann nær den engelske poesien og popmusikken i samtida. Paret gifta seg i 1964 og blei foreldre same året, til sonen Robert. I likskap med Maleen var Rolf student ved Pädagogische Hochschule (Lærarhøgskolen), men uten at ta eksamen. Frå 1966 forsørgde han seg som forfattar. I samband med ein opplesing ved Akademie der Künste i Vest-Berlin i 1968 vekte Brinkmann skandale under ein etterfølgjande offentleg diskusjon med kritikaren Marcel Reich-Ranicki. Han heldt opp romanen sin Keiner weiß mehr og ropte: «Om denne var eit maskingevær skulle eg skyta dykk ned!»[6]

På 1970-talet budde Brinkmann eit år i Roma som Villa Massimo-stipendiat (1972-73). Vårsemesteret 1974, frå januar til mai, var han gjesteforelesar i skrivekunst og litteratur ved German Department ved University of Texas i Austin. Der medverka han ved den fjerde International Poetry Festival of the University of Texas at Austin. Året etter, våren 1975, var han innboden til å halda eit par opplesingar i Cambridge i England under ein fleire dagar lang fyrste tilstelling av poesifestivalen Cambridge Poetry Festival. Dette var bare nokre veker før utgjevinga av Westwärts 1 & 2, den fyrste boka hans på fem år. Han opptredde laurdag 19. april i lag med tre engelskspråklege diktarar, amerikanaren John Ashbery og engelskmennene John James og Lee Harwood. Dagen etter las han opp med dei tyskspråklege diktarane Reiner Kunze og Michael Hamburger - som òg fungerte som engelsk omsetjar og vert - og Jürgen Theobaldy. Den noko yngre landsmannen Theobaldy, som då hadde gitt ut eit par diktsamlingar, har seinare skildra Brinkmann under denne hendinga og dei siste dagane hans i London, der han døydde etter ein påkjørsle eit par dagar etter festivalen, 23. april.[7] Som den fyrste blei Rolf Dieter Brinkmann tildelt det nyinnstifta litterære Petrarcaprisen posthumt same år.

Fram till 1992 kvilte han anonymt i familiegrava til Brinkmann-familien på den katolske kyrkjegarden i fødestaden Vechta, deretter blei «Rolf Dieter 1940-1975» gravert inn.[8]

Bibliografi

Svenske omsetjingar

Engelsk

Prisar og utmerkingar

Kjelder

  1. Thomas Ernst: Popliteratur (2001, 2005)
  2. Ausserordentlich und obszön. Rolf Dieter Brinkmann und die Popliteratur. Hösten 2006 anordnade Kunsthaus Rhenania i Köln en utställning som hette "Utomordentlig och obscen. Rolf Dieter Brinkmann och poplitteraturen." Intendenten Uwe Husslein guidar i denna film (57 min).
  3. Dessa uppgifter är hämtade från en kortfattad biografi som Brinkmann själv skrev i ett brev till Hartmut Schnell 1974. Ur Literaturmagazin 36: Rolf Dieter Brinkmann, s 210.
  4. Enligt kännaren Markus Fauser i denna sammanfattande text. kulturportalnordwest.de
  5. T. ex. i dikten "Sov, Magritte", Doktor Karneval, sid. 69
  6. Marcel Reich-Ranicki utgick från denna episod när han nästan 40 år senare skrev om Brinkmanns författarskap i Frankfurter Allgemeine Sonntagszeitung Nr. 21, sid. 36 (2005-05-29)
  7. Jürgen Theobaldy (1985)
  8. Enligt Markus Fauser. kulturportalnordwest.de
  9. Recension av översättningsvolymen An Unchanging Blue (2011) Arkivert 16. september 2011 på Wayback Machine. Stephan Delbos, The Prague Post
  10. Kort intervju med Brinkmanns översättare Mark Terril (2011) Arkivert 16. september 2011 på Wayback Machine. The Prague Post
  11. Ett pris för unga konstnärligt verksamma personer, skänkt av den tyska delstat där RDB bodde. Se Nordrhein-Westfalen.
  12. Text+Kritik 71, s 90

Generelle kjelder