Apollo | |||
| |||
Fødd | 24. desember 1980 (43 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Fødenamn | Jonas Forsang Moksnes | ||
Alias | Jonas Forsang Moksnes | ||
Opphav | Noreg | ||
Sjanger | rapping | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | journalist, musikar, forfattar, rappar |
Jonas Forsang Moksnes (fødd 24. desember 1980), betre kjend som Apollo eller Bleikansiktet, er ein norsk rappar, musikar og journalist frå Bekkelaget i Oslo.
Heilt ifrå byrjinga har Apollo rappa på morsmålet. Apollo gav i 2000 ut debut-EP-en Scenario,[1] ei plate som berre vart trykt i 500 eksemplar. I 2002 gav han ut sitt fyrste album, ved namn Mine Damer og Herrer på Universal Records.[2] Dette vart nominert til både Spellemannprisen og Alarmprisen i kategorien "beste hip-hop-album". Songane Hvite netter og Sperra inne vart gjevne ut som singlar og blei hits i Noreg. I 2004 kom oppfylgjarplata Satan´s Sirkus (Universal Records).[3] Etter dette har det ikkje kome fleire soloalbum frå Apollo til no.
Rundt år 2006 blei Apollo med i rockebandet Yoga Fire, som består av han sjølv og dei tidlegare medlemmene i hip-hop-gruppa Klovner i kamp. I 2007 lagde Moksnes rulletekstlåta til den fjernsynsserien "Gutta Boys" saman med DJ Goldfinger frå Klovner i kamp. I fleire år er Moksnes blitt kåra til ein av landets mest sexy menn av motemagasinet Elle.[4] I 2009 vann han MTV Europe Music Awards i kategorien "Beste Norske Artist" saman med Yoga Fire, og var nominert i kategorien "Best European Act".[5] Yoga Fire vann også Spellemannprisen 2010 i kategorien «Årets musikkvideo».
Jonas Forsang Moksnes har skrive for ei rekkje norske magasin, m.a. Elle og MASSIV. Frå 2010 har han jobba i mannebladet ALFA. Portrettintervjuet hans med kokaindømte Stina Brendemo Hagen som vart fengsla i Bolivia, skapte store overskrifter og debatt i norsk media.[6] Han vann «Årets feature 2010» under Nordiske Mediepriser for saka «Treholt for dummies», publisert i ALFA.[7]