Pubertet er prosessen som finn stad når kroppen til ein unge utviklar seg til ein vaksen som er istand til å forplanta seg. I denne tida utviklar ein sekundære kjønnskjenneteikn, kroppen veks, og ein produserer nye kjønnshormon. Ofte byrjar også seksualisert åtferd ved puberteten.

Tida då menneske går gjennom puberteten blir gjerne kalla ungdomstid. og kan vera prega av forvirring på grunn av hormona og dei mange endringane som skjer. Men også andre dyr opplever pubertet som kan påverka både utsjånad og oppførsel.

Alder

Denne musa på litt over ein månad går truleg gjennom puberteten.
Foto: Roger McLassus

Kva tid puberteten tek til blir påverka av fleire faktorar innan arv og miljø som ikkje er fullt ut forstått. Rikeleg med føde kan framskunda og underernæring kan utsetja han, men plutseleg tilgang på mat etter lang tids mangel kan òg føra til ein tidlegare pubertet. Varme omgjevnader kan føra til tidlegare pubertet, medan å bu i høgda kan gjera at han kjem seinare. Gjennomsnittsalderen for menarke, byrjinga på den kvinnelege puberteten, har vore frå 12,0 til 18,5 hjå ulike studerte grupper.[1]

Art Vanleg alder ved

pubertet[2]

  Ho Hann
Menneske 10-16 år 10-16 år
Spermkval[3] 9 år 10-20 år
Hest 18 mnd. 14 mnd.
Hund 7-12 mnd
Ku 11 mnd.(9-24) 11 mnd. (7-18)
Katt 8-9 mnd
Sau 7 mnd. (4-14) 7 mnd. (6-9)
Gris 6 mnd. (3-7) 7 mnd. (3-8)
Kanin 3-4 mnd
Mus[4] 6 veker

Pubertet hjå menneske

Før puberteten skil kjønna seg frå kvarandre nesten berre gjennom forskjellen på kjønnsorgana. Gjennom puberteten blir dei sekundære kjønnskjenneteikna utvikla, og mannlege og kvinnelege kroppar utviklar seg vekk frå kvarandre. Både hjå gutar og jenter aukar hårveksten i armholene og rundt kjønnsorgane. I byrjinga av puberteten veks kroppen stadig raskare, seinare avtar veksten, og når puberteten er slutt veks heller ikkje kroppen meir.

Kvinneleg pubertet

«A juventude», 'Ungdommen'. Bilete av Carlos Botelho.

Pubertet hjå kvinner finn stad når dei indre forplantingsorgana blir mogne. Dette blir kalla menarke, og markerer byrjinga på den fruktbare delen av livet. Eggstokkane blir stimulerte av gonadotropinar frå adenohypofysen, follikkelstimulerande hormon og luteiniserande hormon.

Pubertetsalderen varierer normal mellom 10 og 14 år, og det skjer mange endringar:

Mannleg pubertet

I puberteten tek mange gutar til å få skjeggvekst. Mumieportrett frå Fayum.

Også mannleg pubertet varierer normalt mellom 10 og 14 år. Luteniserande hormon frå adenohypofysen stimulerer interstitialcellene i testiklene til å auka testosteronproduksjonen, som påverkar utviklinga av kroppen til kjønnsmogning. Endringane som skjer ved puberteten er:

fjeset, på brystet, magen og ryggen

Sjå òg

Kjelder

Artikkelen oppgav som kjelde Anne Waugh og Allison Grant (2001) Ross and Wilson: Anatomy and Physiology in Health and Illness, 9. utg. – Churchill Livingstone, Edinurgh.

Fotnotar

  1. «Puberty» på Engelsk Wikipedia
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 7. august 2007, henta 19. juni 2007 
  3. http://www.nmfs.noaa.gov/pr/species/mammals/cetaceans/spermwhale.htm
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 8. juni 2007, henta 19. juni 2007