Porzana | |
Sivrikse, Porzana fluminea, fotografert i Victoria i Australia Foto: Flickr-brukar Frankzed
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Tranefuglar Gruiformes |
Familie: | Riksefamilien Rallidae |
Slekt: | Porzana Vieillot, 1816 |
Porzana er ei biologisk slekt av vassfuglar og medlem av riksefamilien, Rallidae. Dei finst på alle kontinent unntatt Antarktis og i Oceania.
Kroppslengda varierer i området 13-25 centimeter. Farga på undersida varierer mellom oskegrå (røyrrikse), skifergrå (skiferrikse), mørk raudbrun (kastanjerikse) eller svart (hendersonrikse), oversida varierer frå svart (den utdøydde kosraeriksa) til brun (sotrikse), fjørdrakta generelt kan vere i heilsvart (kosraerikse og hendersonrikse) eller fleirfarga (gulbrystrikse og damrikse). Bakkroppen kan vere einsfarga som hos kastanjerikse, eller ha kvite tverrstriper som dvergriksa har. Gulbrunriksa er sær ved at ho har ei kvit stripe opp frå nebbrota, på oversida av tygelen.
Porzana-rikser lever i myrr, sumpar og myrkantar, i dammar og innsjøar, oversumde område, rismarker og andre våtmarker.
Maten består av sniglar, insekt, leddormar, froskeegg, småfiskar, frø og myrurter.
Nolevande artar i Porzana i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
Utdøydde artar: