Eit portativ er eit lite berbart orgel med berre labialpiper. Som regel vert det spelt på med høgrehanda, medan venstrehanda opererer belgen. I mellomalderen vart instrumentet brukt til husinstrument eller ved prosesjonar.[1]