Porphyrio | |
Gråhovudsultanhøne i India Foto: J.M. Garg
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Tranefuglar Gruiformes |
Familie: | Riksefamilien Rallidae |
Slekt: | Porphyrio Brisson, 1760 |
Porphyrio er ei biologisk slekt av rikser. Tre av dei ti nolevande Porphyrio-riksene har 'purpurhøne' som fellesnamn på norsk. Purpurhønene har utbreiing i dei varmare strøka i Afrika og Amerika, og sparsamt inn Asia og Europa. Dei andre er dei langt større artane av sultanhøner og takahe. Sultanhøns har utbreiing i Afrika, Iberia, Asia, Australia og Polynesia med tilsaman 6 artar. Takahe er ein fugl utan flygeevne, endemisk for New Zealand.
Fleirtalet av dei opphavlege artane i denne gruppa vart utrydda i holocen, men kvittakahe, som levde på Lord Howe-øya i Australia, vart utrydda av menneske så seint som på 1700-talet eller tidleg 1800-talet.
Fjørdrakta i denne slekta varierer i svart, brunt og iriserande grønt, blått eller lilla. Ofte er vengene farga noko ulikt frå undersida. Berre kvittakahe hadde fjørdrakt i kvitt eller kvitt med blåskjær.
Storleiken varierer frå 33 cm for amerikapurpurhøne til 63 cm for takahe, sistnemnde med eit gjennomsnitt på 2,650 kg i vekt, omtrent som ei gås, og er den største gjenlevande riksa i verda.
Dei fleste artane lever i våtmark og beitar på myrplantar og eller insekt.
Ungane er kledde i svarte dunfjører, dei er sjølvhjelpte og beitar utelukkande på insekt første tida. Seinare kan dei ta planteføde.
Porphyrio-riksene i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2016[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2] Lista er supplert med informasjon frå Norske navn på sultanhønekomplekset, november 2016.[3]