Podiceps
Montasje av åtte artar, frå venstre mot høgre i tre rekker: Toppdukkar, tiaradukkar, gråstrupedukkar; horndukkar og svarthalsdukkar; junindukkar, sølvdukkar, spydnebbdukkar
Montasje av åtte artar, frå venstre mot høgre i tre rekker:
Toppdukkar, tiaradukkar, gråstrupedukkar;
horndukkar og svarthalsdukkar;
junindukkar, sølvdukkar, spydnebbdukkar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Podicipediformes
Familie: Dukkarfamilien Podicipedidae
Slekt: Podiceps
Latham, 1787

Podiceps er ei biologisk slekt av vassfuglar og medlem av dukkarfamilien, Podicipedidae. Dette er dukkarslekta med fleste medlemmer og med dei største dukkarane i «den gamle verda». Representantar hekkar i Europa, Asia, Nord-Amerika og Sør-Amerika. Dei fleste artar på den nordlege halvkula trekker til kysten eller til varmare klima om vinteren.

Som alle dukkarar hekkar dei ved vasskanten, fordi dei ikkje er i stand til å gå godt på land med beina som er festa heilt bakpå kroppen. Vanlegvis legg dei to egg i kullet, og dei stripa ungane blir ofte frakta på ryggen av ein av foreldra.

Alle i slekta er gode symjarar og dukkarar, og forfølgjer fisk under vatn.

Vaksne har ei iaugefallande fjørdrakt, og kjønna er like. Om vinteren er fjørdrakta meir fargelaus i grått og kvitt.

Artslista

Nolevande artar i Podiceps i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V12.1, 2022,[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Utrydda artar

Kjelder

Referansar
  1. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2022. IOC World Bird List (v12.1). doi : 10.14344/IOC.ML.12.1 Henta 6. mars 2022
  2. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Podiceps