Philip Catherine

Catherine på Jazz Marathon
Brussel i Belgia 2012
Fødd27. oktober 1942 (81 år)
FødestadLondon i England
OpphavBelgia
AktivSidan 1960-åra
SjangerJazz
InstrumentGitar
Tilknytte artistarFocus, Larry Coryell, Niels-Henning Ørsted Pedersen
PlateselskapAtlantic, Criss Cross Dreyfus, Challenge, ACT
Verka somMusikar, komponist
Prisaroffiser av Kroneordenen, Paul Acket Award, octave d'honneur

Philip Catherine (fødd 27. oktober 1942) er ein belgisk jazzgitarist.

Biografi

[endre | endre wikiteksten]
Philip Catherine i Montreux i Sveits i 1980
Foto av Patty Mooney.
Philip Catherine, International Jazz Festival i Praha, Lucerna-hallen, 21. oktober 1984

Philip Catherine vart fødd i London av ei engelsk mor og ein belgisk far, og voks opp i Brussel. Bestefaren spelte fiolin i London Symphony Orchestra. Catherine byrja å spele gitar i tenåra, og 17 år gammal spelte han profesjonelt for første gongen.[1][2]

Han gav ut debutalbumet sitt, Stream, i 1972. Dei neste få åra studerte han ved Berklee College of Music i Boston og med Mick Goodrick og George Russell. I 1976 spelte han og gitaristen Larry Coryell som ein akustisk duo. Året etter spelte han med Charles Mingus, som kalla han «Den unge Django». Tidleg i 1980-åra turnerte han ei kort stund med Benny Goodman. Han var i ein trio med Didier Lockwood og Christian Escoudé, så i ein trio med Chet Baker. I 1990-åra spelte han inn tre album med trompetisten Tom Harrell.[1]

Catherine har òg arbeidd med Lou Bennett, Kenny Drew, Dexter Gordon, Stéphane Grappelli, Karin Krog, Paul Kuhn, Sylvain Luc, Michael Mantler, Charlie Mariano, Palle Mikkelborg, Niels-Henning Ørsted Pedersen, Enrico Rava, Toots Thielemans og Miroslav Vitous.[1]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Som leiar eller medleiar

[endre | endre wikiteksten]

Som sidemann

[endre | endre wikiteksten]

Med Chet Baker

Med Kenny Drew

Med Focus

Med Stéphane Grappelli

Med Peter Herbolzheimer

Med Joachim Kühn

Med Charlie Mariano & Jasper van 't Hof

Med Marc Moulin

Med Niels-Henning Ørsted Pedersen

Med Toots Thielemans

Med Klaus Weiss

Med Barney Wilen & Palle Danielsson

Med andre

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 1,2 Yanow, Scott (2013). The Great Jazz Guitarists. San Francisco: Backbeat. s. 43. ISBN 978-1-61713-023-6. 
  2. Ginell, Richard S. «Philip Catherine». AllMusic. Henta 13. desember 2019. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Philip Catherine