Sovjetisk frimerke, med agitasjon for perestrojka.

Perestrojka (russisk skrift перестро́йка) er det russiske ordet for dei økonomiske reformene som vart innførte i juni 1987 av leiaren i Sovjetunionen, Mikhail Gorbatsjov. Ordet vert ofte omsett til norsk som omstrukturering, og viser til Gorbatsjov sine planar om å omstrukturere eller delvis liberalisere det økonomiske systemet i Sovjetunionen. Perestrojka vert sett i samanheng med glasnost (openheit), som er det første av dei to hovudmåla Gorbatsjov sette fram for sin periode som leiar av Sovjetunionen, og som det vert hevda er ein av hovudårsakene til at unionen braut saman.

Mange sosialistar og kommunistar har kritisert perestrojka for å vere i strid med den sosialistiske og kommunistiske ideologien.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.