Papuaugle | |
Papuaugle | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Ugler Strigiformes |
Familie: | Uglefamilien Strigidae |
Slekt: | Uroglaux |
Art: | Papuaugle U. dimorpha |
Vitskapleg namn | |
Uroglaux dimorpha Salvadori, 1874
|
Papuaugle (Uroglaux dimorpha) er den einaste arten i slekta Uroglaux og høyrer til i uglefamilien (Strigidae), der han er rekna som basal i underfamilien Ninoxinae (haukugler). Arta er endemisk for Ny-Guinea, inkludert øya Yapen.
Papuaugler er kjenneteikna av eit relativt lite hovud og lang stjert. Dei blir kring 30–33 cm lange. Ansiktsparabolen er kvitaktig med gule auge, innramma av kvite augebryn. Nebbet er blågrått og nebbrota guloransje. Fjørdrakten er rustbrun til brun med innslag av svart på oversida og bleik med mørkare spetter på undersida. Ekstremitetane er gule og klørne bleike.[1]
Arten trivst i tropisk regnskog og held til i låglandet, i høgder opp mot 1 500 moh. Ein veit svært lite om rørslene til arten, men reknar med at han er stadbunden.[1]